Ein skogens mann

Publisert 01.06.2019

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 01.06.2019

Laksekongen blir han kalla. Gerhard Meidell Alsaker er stolt over oppdrettsbedrifta si der han har 300 tilsette som til dagleg produsera fiskemat til meg og deg. Men mange veit nok ikkje at Gerhard er ein stor forkjempar for skogen, og meiner Norge burde plante mykje meir skog.

Gerhard Meidell Alsaker frå Tysnes i Hordland er ei eldsjel for skogen. Eigedomen hans ligg vakkert til ved Hardangerfjorden, og i skogen finn vi båe furu, gran og sitkagran.
Foto: Helge Kårstad

15 ganger Mongstad
– «Tenk om vi brukte pengane til månelandinga på Mongstad til karbonbinding i skog, ja kva kunne vi fått gjort med 30 milliardar kroner» spør Gerhard og ser meg rett i auga.
Eg blir stum, for eg har ikkje svaret og Gerhard gir meg ein velmeint pause på 10 sekund før han fortset:
– «Er du klar over det, at hadde dei pengane vorte nytta til skogplanting i Norge ville vi årleg og over eit omløp i skogen (70 år) ha bunde 15 ganger så mykje CO2 som månelandingsprosjektet var meint å gjere?

Og denne påtenkte fullskala renseanlegget for CO2 på Mongstad har ikkje bunde eit einaste gram CO2 enno konstaterar Gerhard, og ser opp i lia der granskogen står frodig og pustar inn den vårlege friske fjordlufta over Hardangerfjorden. For det har gått minst 10 år sidan 2007, – ti år med utslepp som denne alternative skogplantinga kunne bunde.

– «Ja for orden skuld, – den dagen denne nye skogen kunne blitt hoggen og vi sannsynlegvis har fått redusert utsleppa, gir skogen store mengder trevirke og sysselsetjing i distrikts Norge. Kvifor sa ikkje heller Jens dette i sin nyttårstale i 2007, – ja kvifor seier ikkje Erna dette i dag?» spør Gerhard medan han vrir seg i stolen og skuar ut over laksemerdane ved Hardangerfjorden.

Vi er på Onarheim i Tysnes kommune i Hordaland
Gerhard Meidell Alsaker er ein kjent og godt likandes mann på Tysnes. Han likar ikkje å framheve den vellukka bedrifta si, men seier ikkje nei til eit intervju om skog. Med agronomutdanning frå jordbrukskulen på Stend, og skogutdanning frå Voss Jordbruksskule tidleg på 80-talet, gjekk han raskt i gang med å plante gran på heimgarden i Onarheim. Etter kvart tok lakseoppdrett det meste av tida, men skogen har alltid vore viktig fortel Gerhard. Ja så stor interesse har han hatt, at når høvet har budd seg dei siste åra, har han kjøpt opp skogareal for å plante meir skog. – «Skog for verdiskaping, og skog for klima» legg Gerhard til og set på kaffikjelen.

Gerhard har satsa mykje på lakseoppdrett. Idag er minst 300 personar tilsette i bedrifta hans. Biletet er teke på austsida av øya Tysnes på veg mot Onarheim. I bakgrunnen og over Hardangerfjorden bygdene Uskedalen og Husnes i Kvinnherad kommune. Foto: Helge Kårstad

Ville teke opp resten av utsleppa i Norge
Eg blir stadig meir entusiastisk i møtet med Gerhard. Og medan han ordnar kaffi, sjekkar eg opp tala for Mongstad. Eit raskt googlesøk (jfr. VG, 23.06.13) fortel rett nok at månelandinga på Mongstad kosta totalt kring 30 milliardar kroner (1 Mongstad) og målet var å binde 2 millionar tonn CO2. Og til mi glede ser eg raskt at Gerhard kan heimeleksa om karbonbinding også. For Google fortel at planting av 10 000 000 (10 millionar) dekar snaumark og gjengrodd mark i 2007 ville koste kring 1. Mongstad. Men dette arealet ville gjennomsnittleg og årleg over eit omløp på 70 år binde ca. 33 millionar tonn CO2 (jfr. Faktaark frå Miljødirektoratet, M-434/2015) eller 15 ganger så mykje som ei årleg planlagt binding på Mongstad.
Og dette nyplanta arealet ville for eksempel 4-doble skogreisingsarealet (i dag 3,5 mill dekar) i kystskogfylka (Agder til Finnmark) frå ca. 2 til 7% av det totale landarealet. Og det ville faktisk ta opp resten av utsleppa i Norge pr.idag. Og nærmast ta Norge sitt ansvar for eit betre klima på jorda. Det er jo nesten ikkje til å tru.
At vi i tillegg ville skape fornybare, miljøvenlege treprodukt og fleire tusen arbeidsplassar høyrer jo med til historia.

Gjengroingsmark på Vestlandet med svært høg bonitet (som her frå Onarheim på Tysnes) bind årleg 3,3 tonn CO2 i omløpstida på 70 år, jfr. Miljødirektoroatet M-434/2015. Dette gjeld sjølvsagt binding i trestamme, bar og røter. Foto: Helge Kårstad

Ut av armoda
I år skal eg plante 25 000 nye granplanter (ca. 100 dekar), noko supplering, noko som gjenplanting etter hogst og noko som skogreising på ny mark konstaterar Gerhard før han kjem med neste «stikk».
– «Alle klagar over at landet gror igjen, eg synest det gjer godt å sjå….veit du kvifor?»
Eg blir svar skyldig. Ja eg veit at på heile Vestlandet pågår det for tida ei avskoging av grana og ei kraftig tilgroing av ulike lauvtreslag, planter, soppar og lav. Og sjølv om folk ikkje vil ha gran, klagar dei også over gjengroinga.
– «Jau» seier Gerhard og fortset – «For meg er gjengroinga eit klart teikn på at folk i desse bygdene kom UT frå armoda. I mi slekt og mange sine slekter her på Tysnes var det tøffe vilkår, igrunn heilt fram til ei stund etter krigen. Hardt arbeid og ikkje alltid nok mat førte til auke i dyretal og eit strigla, snaubeita landskap. Tida etter 2. verdskrig var ei blomstringstid ved at bønder og fiskarar fekk seg anna arbeid, både her på Tysnes og i byen. Men landskapet grodde igjen, og auka levestandard i bygd og by førte folk på sett og vis bort frå armoda —- «
Gerhard ser bort på meg, og eg nikkar. For dette kjenner eg godt til sjølv, – ja eg huskar mor mi som fortalde at då ho vaks opp i mellomkrigsåra, var det «frå hand til munn». Ein augeblikk ser eg dei fattige slitarane i minnet, dei snaubeita jorda heilt til fjells, men so er eg brått tilbake hos Gerhard som fortset:
– «Skogreisinga etter krigen var på sett og vis eit bevis på akkurat det motsette. At landet skulle byggjast, at folk skulle få det betre og overlate garden til neste generasjon, noko betre enn ein overtok. Skulane deltok, ungdomslaga deltok, ja grana vart på eit vis symbolet på den nye rike, tida».

Du skal leite lenge etter betre forynga skog enn hos Gerhard. Så ofte han kan, tek han ein runde i skogen og sjekkar om nyplantingane har det bra. Og på desse turane møter han jamt folk som gledar seg over Gerhard sin skogentusiasme. For du slepp ikkje derifrå får du har fått ei dose skogbruksopplæring. Foto: Helge Kårstad

Blåbærhaugen Opp
Det blir også tid til ein rundtur i skogen. Gerhard har bygd 6 km bilveg i skogen siste åra, halvdelen av veglengda med statstilskot og resten har vore privat finansiert. Utan desse vegane hadde investeringane i skogkultur ikkje late seg gjere, meiner Gerhard. Terrenget tilseier det. Det er også hogge noko tømmer, men dei store mengdene vil ikkje kome før om 10-20 år. Då blir det kanskje årleg hogge 1000 kubikkmeter tømmer eller 25 fullasta trailerlass frå skogen hans.
I tillegg til nytte for skogen, er skogsbilvegane blitt svært populære turvegar. Slike bygder som i Onarheim på Tysnes har alltid vore prega av dugnad. Gerhard har gjort det på sin måte; For kvar turgåar som skriv seg inn i boka på toppen av Blåbærhaugen, får det lokale idrettslaget 10 kroner. Etter 5 år med bok på toppen, har tilsaman over 50.000 (!) signert i boka. Totalt blir det over ein halv million til idrettslaget. – «Vel anvende pengar» smiler Gerdhard og minner om at dette har alle glede av; han sjølv, trimmarane og ikkje minst idrettslaget. Når andre eldsjeler i bygda for nokre år sidan starta motbakkeløpet Blåbærhaugen Opp, var liksom ringen slutta.

Gerhard har også tilrettelagt for turgåarar. Legg merke til den flotte parkeringsplassen i bakgrunnen. Om 10-20 år vil hogsten auke, og årleg vil det gå inntil 25 fullasta vogntog med tømmer over skogsbilvegane han har bygd i skogen sin. Foto: Helge Kårstad

Ein skogens mann
Ein skogens mann vil vi seie om Gerhard. Det er i slike stunder som i møte med Gerhard at vi blir minna om at skogen er viktig, at det vi driv med har ei hensikt. Men det må av og til ein Gerhard til for å få oss til å forstå det, – ja verkeleg forstå det ! Tusen Takk for eit svært inspirerande besøk.