Hopp til navigasjonHopp til hovedinnholdHopp til bunnområde

Taubanesamling 2019

Publisert 17.10.2019

Denne maskina vil du m..a. få sjå om du tek turen til Gloppen kommune 15. november.
Biletet er frå Fusa kommune i Hordaland
Denne maskina vil du m..a. få sjå om du tek turen til Gloppen kommune 15. november. Biletet er frå Fusa kommune i Hordaland

Vil du sjå verdas mest avanserte skogsdrift i bratt terreng.
Kom til Sandane i Gloppen kommune, Sogn og Fjordane fredag 15. november. Her blir det både fart, spenning, faglege innspel og gode diskusjonar.

Du er og Velkommen !
Årets Taubanesamling føregår på Kvitenes, Sandane i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Det blir oppmøte på Gloppen Hotell med opning av varaordførar Per Jarle Myklebust.
Vi har også vore så heldige at Landbruksdirektoratet sin nye mann på tema taubaner. Han heiter Per Odd Rygg og kjem til samlinga m.a. for å fortelje om statistikken for bratt terrng i 2018.
På programmet står elles innlegg av fylkesskogmester Torkel Hofseth, taubaneentreprenørane Frivik & Rørvik, vidare Even Øyri frå AT Skog, veiplanleggar Tormod Skeide Jacobsen og Ole Bakke frå Skognæringa Kyst.

Verdsleiande i bratt terreng
Leiar i Norsk Taubanelag Torbjørn Frivik stiller med kabelkrana KMS 4000 med rekkevidde 800 meter.
Frivik fortel at vanleg rekkevidde er 4-500 meter og ein gjennomsnittleg dagsprestasjon er 50 kubikkmeter tømmer, all inklusive. Totalt for eit år produserar denne kabelkrana montert på ein tandem trailer ca. 15 000 kubikkmeter, med mannskapsstyrke på 3 mann. Produsenten Konrad Forsttechnik frå Østerrike er verdsleiande på taubaner i bratt terreng.
Du er og Velkommen, sjå vedlagde program !
Tekst og foto: Helge Kårstad

Invitasjon til Taubaneinteresserte og Veiplanleggarar i bratt trerreng 2019

I mange kommunar i Norge står mykje av skogen i taubaneterreng, her frå Voss. Vegplanlegging og driftsplanlegging er ein føresetnad for god økonomi til skogeigar. Norsk Taubanelag er oppteken av å spreie kunnskap om skogsdrift i bratt terreng og arrangerar taubanesamling også i 2019.