Sterkare fokus på taubaner

Publisert 28.01.2020

Taubanemiljøet i Norge er profesjonelt og kompetent, men særs sårbart. Planlegging av infrastruktur kan vere heilt avgjerande for eit godt resultat. Ein taubanepådrivar må på plass meiner virkeskjøparane i Norge.
Biletet er frå ei skogsdrift i Bygstad i Sunnfjord i 2016.
Taubanemiljøet i Norge er profesjonelt og kompetent, men særs sårbart. Planlegging av infrastruktur kan vere heilt avgjerande for eit godt resultat. Ein taubanepådrivar må på plass meiner virkeskjøparane i Norge. Biletet er frå ei skogsdrift i Bygstad i Sunnfjord i 2016.

Norske virkeskjøparar vil saman med aktørar i skognæringa styrkje kapasitet, kunnskap og beredskap kring skogsdrift i taubaneterreng. Driftstilskotet til taubanedrift må aukast og det må tilsetjast ein taubanepådrivar heiter det i ein uttale.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Utgangspunktet
Under Taubanesamlinga 2019 i Gloppen vart det frå fleire uttalt eit ynskje om å sikre at vi har eit taubanemiljø i Norge også i framtida. Det har vore ei kjent sak at taubaneentreprenørane har opplevd forverra økonomiske vilkår siste åra, hovudsakleg på grunn av auka kostnader saman med redusert pris på tømmeret.
Spesielt vart det under samlinga omtala trong for betre planlegging av taubanedrifter, trong for betre informasjon i alle ledd, ein gjennomgang for nivået på driftstilskotet ved taubanedrifter og ikkje minst bruken av driftstilskotet i bratt terreng (særleg andel til taubaner).

Leiar i Skognæringa Kyst Ole Bakke mana til ei sterkare satsing på skogsdrift i bratt terreng under taubanesamlinga i Gloppen før jul.

Drøfting av tiltak
Den 14. januar var representantar frå norske virkeskjøparar, taubaneentreprenørar og Skognæringa Kyst samla på Gardermoen for å drøfte aktuelle tiltak. Landbruksdirektoratet v/ Per Odd Rygg var også tilstades og orienterte om statistikk for skogsdrift i bratt terreng dei siste åra. 

Det er gitt følgjande uttale frå møtet på Gardermoen 14. januar:
Skognæringa har mål om å styrkje kapasiteten, kunnskapen og beredskapen på skogsdrift i taubaneterreng. Norge må ikkje minst vere rusta til å handtere skog i vanskeleg terreng etter stormkatastrofer, billeangrep, ras og tørkekatastrofer som følgje av eit endra klima.Dette er eit samfunnsansvar som også det offentlege må ta på alvor.
Det står ca. 20 millionar kubikkmeter hogstmoden gran og furu i taubaneterreng i Norge. (Landskogtakseringa 2020). Dette er ein ressurs som er særs viktig for skogindustrien og samfunnsøkonomien.
I dag er taubanemiljøet redusert til 2 entreprenørar med til saman 7 driftslag. Dette betyr ein årleg kapasitet på 100.000 m3 tømmer. Årsaka til at vi har så låg kapasitet i høve potensialet for hogst i bratt terreng er høge driftskostnadar og for svake støtteordningar. Nedgangen har i tillegg ført til svakare kompetanse hos oppdragsgjevarane som skal planlegge og legge til rette for skogsdrift med taubane.
Taubanemiljøet i Norge er profesjonelt og kompetent, men særs sårbart. Men heile miljøet kan fort forsvinne i neste lågkonjunktur for skogbruket, og det hastar med å finne tiltak for å snu trenden. Skognæringa ber om 15 millionar kroner i samla løyvingar til taubaneverksemd i 2020, fordelt på 13 millionar i støtte til skogeigarane som driv ut tømmer frå taubaneterreng, og 2 millionar kroner til ein taubanepådrivar. Auken i støtta til 13 millionar kroner tilsvarar ein auke i driftstilskotet til minst 130 kroner pr. kubikkmeter for hogst og framdrift av granskog ved hjelp av taubane.
Taubanepådrivaren skal følgje opp og utvikle oppdragsgjevarane og vegplanleggjarane i det det vanskelege terrenget. Ein ser føre seg at denne personen kan vere tilsett hos Skogkurs og ha dagleg kontakt med taubanemiljøet i heile landet.

Her kan du lese heile referatet frå møtet på Gardermoen: Oppsummering møte 14. januar

Det er idag ein taubanekapasitet for årleg å få fram 100 000 kubikkmeter tømmer i det bratte terrenget i Norge.
Men det står 20 millionar kubikkmeter hogstmoden gran og furu i taubaneterreng, ifølge Landskogtakseringa. Ja du las riktig!
Det kan ta ca. 200 år å hogge dette, om alt skal hoggast og om ikkje kapasiteten blir auka.