Full fres når granstokken blir kappa med elektrisk motorsag av Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Elevar frå Mo Jordbruksskule sikrar arbeidet på kvar si side og instruktur i Aktivt Skogbruk Arnt Laukeland (bak) kontrollerar at alt går rett føre seg.
Foto: Helge Kårstad
«Vi treng ei konkurransedyktig skog- og trenæring. Den lange kystlina er ei openberr transportåre for å frakte tømmer frå skogen til maknaden» sa klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn mellom anna då han opna Kvamen Tømmerkai i Fjaler førre veke. Tekst: Helge Kårstad Foto: (med unntak av opningsbildet) David Zadig
Det var like før corona-epidemien for alvor tok inn over landet. Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn kom heim til sitt eige fylke og opna ein av dei viktigaste tømmerkaiane på Vestlandet den 10. mars. Kring 100 personar frå skognæringa, skogforvaltning, fylke, kommunar og ikkje minst politikarar hadde funne vegen til tømmerkaien i Fjaler denne dagen. Som vanleg vart opninga føreteke med motorsag, denne gongen sjølvsagt ei elektrisk sag. Med god hjelp av elevar frå Mo Jordbruksskule utførte ministeren avsaginga eksemplarisk. Med påfølgjande helsingar på tømmerkaia og seinare fagprogram innandørs i Dale, vart det ein retteleg god dag for skogen.
Her ligg stikkord frå talen til Rotevatn, “ein sværande god tale for skog- og trenæringa” vart det sagt eterpå.
Høyr også det unike NRK opptaket av tidlegare fylkesskogsjef Barthold Andreas Vonen. Deler av dette opptaket vart avspelt av under opninga av Kvamen Tømmerkai i Fjaler. Opptak 1 Opptak 2
Nedanfor følgjer ein bildereportasje.
Det var stor stas for Jon Jorde, tidlegare skogreisingsleiar i Fjaler kommune å få møte sjølvaste klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn denne dagen. Jon Jorde starta som skogreisingsleiar i Fjaler allereie i 1961 og har sæleis fått med seg den store skogreisingsperioden i kystskogfylka. Det kom stadig fleire interesserte til opninga og det enda kring 100 personar. Med tømmer på kaia, ei fjordutsikt austover til Jakob Sande si “Kleppekari” og skogplantingar på Laukeland i nord, var det ei vakker ramme kring opninga. Ordførar Kjetil Høgseth Felde i Fjaler kommune yngste alle velkomne!NRK Vestland var på plass med både TV og radioopptak.I anledning dagen hadde firma Førde Motorsport lånt ut ei elektrisk motorsag av merke Stihl. Sentrale under bygginga av tømmerkaien. F.v. entreprenør Jim Heldal, gravemaskinoperatør Ivar Kalstad, eigar av tømmmerkaia (saman med AT Skog) Jostein Sylta og anleggsleiar Cato Vikebø.Fylkesordførar Jon Akseland minna i helsinga si m.a. om dei mange flaskehalsane for tømmertransporten på dei offentlege vegane. Det fører til mykje kippkøyring (mange ekstra turar) som er lite klimavenleg. Han invitere til møte med klimaministeren og samferdselsministeren for å finne gode løysingar.Leiar i Vestland Skognæringsforum og nestleiar i AT Skog Halvor Brosvik på talarstolen. I anledning dagen var talarstolen laga av sitkagran frå Sunnfjord.F.v tømmertransportør Ricard Sæle, administrerande direktør i AT Skog Anders Øynes, skogbruksleiar i AT Skog Terese Tenden og prosjektleiar i AT Skog Atle Gimmestad. Kristine Jacobsen jobbar til dagleg m.a. med frivilleg skogvern i regi av NORSKOG, og har kontorstad i Bergen. Ho gratulerte skogeigarane og eigarane av tømmerkaien AT Skog og Josten Sylta med dagen. Helge Kårstad frå Kystskogbruket leia dagen. Per Andreas Øren representerte tømmerbilsjåførane. Han takka regjeringa for den store innsatsen som er gjort for å bygge tømmerkaiar langs kysten. Men han sa samtidig at transportnæringa ikkje kan leve vidare med så mykje flaskehalsar på det kommunale vegnettet. Noko må gjerast fort, understreka Øren.Frå kommunelegen var det kome melding om at ein ikkje kunne ikkje handhelse denne dagen, dette på grunn av fare for corona-smitte . Det førte til fleire improviserte måtar for å helse, her med Jostein Sylta (midten) som tilskodar.Ole Bakke er til dagleg leiar i Skognæringa Kyst. Han synte til regjeringa si store satsing på infrastruktur, både skogsvegar, tømmerkaiar og offentlege vegar. Dette var ikkje minst viktig for kystksogfylka understreka Bakke. Han kom også inn på at skognæringa ser fram til ei avklaring kring produksjon av sitkagran. Landbrukssjef Geir Grytøyra er også ein ivrig skogbrukar. Han sa at tømmerkaien var viktig for skogeigarane, men minna også om at vi treng meir lokal foredling av skogen. Anders Felde er leiar i Sogn og Fjordane Bondelag. Han fortalde at dette var hans tredje tømmerkaiopning i fylket i løpet av dei siste åra. Han understreka at dette var viktig for skogbruket, ei næring som er på offensiven i desse dagar.Torbjørn Storesletten hadde reist heile natta frå Haugesund for å delta på opninga. Han representerte reiarane og spesielt Myklebusthaug Rederi som fraktar svært mykje tømmer til norsk og utanlandsk skogsindustri. Gode kaier der omsyn til helse og miljø er ivareteke, betyr dagleg mykje for oss i denne delen av skognæringa understreka Storesletten.På talarstolen Terje Engvik som no er leiar i Sogn og Fjordane Skogselskap. Han var tidlegare leiar i Sogn og Fjordane Skogeigarlag og kjenner tilhøve i skognæringa i fylket betre enn nokon. Eit imponerande kaianlegg, sa Engvik mellom anna.Olve Grotle er den nye ordføraren i Sunnfjord kommune. Han helsa forsamlinga og minna om at gamle Gaular kommune som no ligg i Sunnfjord kommune, vil bli eit viktig dekningsområde til den nye tømmerkaia i Fjaler. Entreprenør Jim Heldal har bygd Kvamen Tømmerkai i Fjaler og fekk siste ord på kaia denne dagen. – “Å Eu-tilpasse stridige vestlendngar må ein slutte med, ja det hadde ikkje blitt kai her om vi ikkje hadde fått gjort ting på vår måte” sa Heldal til ei humrande og lydhøyr forsamling.……..eine delen av forsamlinga…….og omlag resten av forsamlingaJubelhornet underheldt inne med viser av Jakob Sande. Vi avsluttar bildereprotasjen med desse greie elevane frå Mo Jordbruksskoule som under leiing av Arnt Laukeland hjelpte til både før og under opninga av tømmerkaien.
Personvernerklæringen handler om hvordan denne nettsiden samler inn og bruker informasjon om besøkende. Erklæringen inneholder informasjon du har krav på når det samles inn opplysninger fra nettstedet vårt, og generell informasjon om hvordan vi behandler personopplysninger.Juridisk eier av nettsiden er behandlingsansvarlig for virksomhetens behandling av personopplysninger. Det er frivillig for de som besøker nettsidene å oppgi personopplysninger i forbindelse med tjenester som å motta nyhetsbrev og benytte del- og tipstjenesten. Behandlingsgrunnlaget er samtykke fra den enkelte, med mindre annet er spesifisert.
1. Webanalyse og informasjonskapsler (cookies)
Som en viktig del av arbeidet med å lage et brukervennlig nettsted, ser vi på brukermønsteret til de som besøker nettstedet. For å analysere informasjonen, bruker vi analyseverktøyet Google Analytics. Google Analytics bruker informasjonskapsler/cookies (små tekstfiler som nettstedet lagrer på brukerens datamaskin), som registrerer brukernes IP-adresse, og som gir informasjon om den enkelte brukers bevegelser på nett. Eksempler på hva statistikken gir oss svar på er; hvor mange som besøker ulike sider, hvor lenge besøket varer, hvilke nettsteder brukerne kommer fra og hvilke nettlesere som benyttes. Ingen av informasjonskapslene gjør at vi kan knytte informasjon om din bruk av nettstedet til deg som enkeltperson.Informasjonen som samles inn av Google Analytics, lagres på Googles servere i USA. Mottatte opplysninger er underlagt Googles retningslinjer for personvern.En IP-adresse er definert som en personopplysning fordi den kan spores tilbake til en bestemt maskinvare og dermed til en enkeltperson. Vi bruker Google Analytics sin sporingskode som anonymiserer IP-adressen før informasjonen lagres og bearbeides av Google. Dermed kan ikke den lagrede IP-adressen brukes til å identifisere den enkelte brukeren.
2. Søk
Hvis nettsiden har søkefunksjon så lagrer informasjon om hvilke søkeord brukerne benytter i Google Analytics. Formålet med lagringen er å gjøre informasjonstilbudet vårt bedre. Bruksmønsteret for søk lagres i aggregert form. Det er bare søkeordet som lagres, og de kan ikke kobles til andre opplysninger om brukerne, slik som til IP-adressene.
3. Del/tips-tjenesten
Funksjonen "Del med andre" kan brukes til å videresende lenker til nettstedet på e-post, eller til å dele innholdet på sosiale nettsamfunn. Opplysninger om tips logges ikke hos oss, men brukes kun der og da til å legge inn tipset hos nettsamfunnet. Vi kan imidlertid ikke garantere at nettsamfunnet ikke logger disse opplysningene. Alle slike tjenester bør derfor brukes med vett. Dersom du benytter e-postfunksjonen, bruker vi bare de oppgitte e-postadressene til å sende meldingen videre uten noen form for lagring.
4. Nyhetsbrev
Nettsiden kan sende ut nyhetsbrev via epost hvis du har registrert deg for å motta dette. For at vi skal kunne sende e-post må du registrere en e-postadresse. Mailchimp er databehandler for nyhetsbrevet. E-postadressen lagres i en egen database, deles ikke med andre og slettes når du sier opp abonnementet. E-postadressen slettes også om vi får tilbakemelding om at den ikke er aktiv.
5. Påmelding, skjema
Nettsiden kan ha skjema for påmelding, kontaktskjema eller andre skjema. Disse skjemaene er tilgjengeliggjort for publikum for å utføre de oppgaver de er ment å gjøre. Påmeldingsskjema er for at besøkende kan melde seg på eller registrere seg.Kontaktskjema er for at besøkende enkelt kan sende en melding til nettsidens kontaktperson.Vi ber da om navnet på innsender og kontaktinformasjon til denne. Personopplysninger vi mottar blir ikke benyttet til andre formål enn å svare på henvendelsen.Skjema sendes som epost via Mailgun som tredjepartsløsning. Hele innsendelen blir lagret hos Mailgun i 24 timer. Mellom 24 timer og 30 dager er det kun mailheader som blir oppbevart før innsendelsen blir slettet etter 30 dager. Årsaken til denne lagringen er for å bekrefte om eposter blir sendt fra nettsiden og videresendt til riktig mottaker. Når eposten er mottatt av mottaker så er det opp til mottaker å avgjøre Databehandlingsbehovet av eposten.
6. Side- og tjenestefunksjonalitet
Det blir brukt informasjonskapsler i drift og presentasjon av data fra nettsteder. Slike informasjonskapsler kan inneholde informasjon om språkkode for språk valgt av brukeren. Det kan være informasjonskapsler med informasjon som støtter om lastbalanseringen av systemet slik at alle brukere blir sikret en best mulig opplevelse. Ved tjenester som krever innlogging eller søk kan det bli brukt informasjonskapsler som sikrer at tjenesten presenterer data til rett mottaker.
7. Hvordan håndtere informasjonskapsler i din nettleser