Herrens glade dager

Publisert 11.05.2020

Ivrige skogplantarar med nødvendig koronaavstand, her får Lunde i Sunnfjord kommune.
F.v. Amund Laukeland, Daniel Ravndal og Richard Vassliås.
Ivrige skogplantarar med nødvendig koronaavstand, her får Lunde i Sunnfjord kommune. F.v. Amund Laukeland, Daniel Ravndal og Richard Vassliås.

Skogplanting er «inn» for tida. Dette er kjekt, vi tenar pengar og det er ei grei avkopling frå dataskjermen fortel 15 åringane Amund, Richard og Daniel frå Førde.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Tenar pengar
– «På sett og vis lever vi herrens glade dager» seier Amund med eit smil då vi møter skogplantarane frå Førde, ein av dei fine dagane no i mai. Amund, Richard og Daniel er alle 15 år, og går i 10 klasse ved Halbrend Skule i Førde. Koronakrisa har medført mykje innesitjing bak ein PC, og slik sett har dette vore ei god avkopling og trim for gutane.
– “Vi tener også pengar, ja det er ikkje så ille” seier Richard. Vi kan vel legge til at som eit utsegn av ein sindig sunnfjording, betyr «ikkje så ille» veldig mykje pengar. Fram til sommarferien er målet at dei tilsaman skal plante 40 000 planter. Med ein pris på kr 3,50 pr. stk. plante, sit dei kvar igjen med kring 40 000 kroner. Ikkje så ille, lyt vi medgi !


Amund Laukeland synest det er kjekt å plante gran. Det har blitt mykje stillesitjing bak ein PC siste vekene. Når skulearbeidet er over, har vi mange timar å jobbe utover kveldane . Dette gir også god trim og ikkje minst pengar i kassa seier Amund.
Richard Vassliås har aldri planta skog før. Han fortel at dei første dagane var noko tunge, men etterkvart går det lettare og lettare. I fint veir er det jo berre morro, legg Richard til med eit smil og skuar ut over det vakre vårlege landskpaet i Sunnfjord.

For lite planter
Torgrim Østgård er skogbruksleiar i AT Skog, og arbeider i Sunnfjord og Ytre Sogn. Han fortel at interessa for skogplanting er aukande. – «Faktum er at i år får vi for lite planter» seier Torgrim. Han legg til at det vil bli planta 115 000 granplanter i hans distrikt denne våren. Etter det vi forstår, er grunnen til manglane plantetilgang for mykje ugras i planteskulane sommaren 2019.
I desse områda på Vestlandet blir det både nytta Hartz proveniens og planter av frø frå frøplantasjen Årøy i Sogn.

Torgrim Østgård kontrollerar plantearbeidet til Amund. Men han legg ikkje skjul på at dette er flinke karar. Han er også glad for at sjølv under koronakrisa, er han sikra godt kvalifisert arbeidskraft til plantinga i Sunnfjord og Ytre Sogn.

Snutebille og hjort
Granplantene er 2-årige og voksa mot gransnutebilla. Det har vore aukande avgang etter planting av gran dei siste åra på Vestlandet. Betre voksing og kraftigare planter gir håp om ei betring.
Hjorten er også ei stor utfordring enkelte stader, det gjeld både i høve jord- og skogbruk. Løysinga her er reduksjon av hjortestamma kopla til meir retta avskyting. 

Voksa 2-årige planter klare til planting. I dette tilfelle er det granplanter av norskprodusert frø, frå frøplantasjen Årøy i Sogn.