Skognæringa Kyst i Rogaland
Publisert 03.07.2020

Fylkesskogmeister Stein Bomo synte til ein enorm produksjon i dette sitkagranfeltet (forsøksfelt) på noko over 100 år i Gjesdal. Kvaliteten veit vi også blir god, ettersom sitkagran med åra legg på seg oppover stammen og du kan knapt registrere avsmaling, etter kvart tette årringar og eit ypperleg virke. Det føresett også at ein har eigna reiskapar for foredling.
F.v og litt gøymd Morten Svanes, Olaf Gjedrem, Stein Bomo, Berit Sundbø Hagalid, Ann-Hege Hanstad, Sissel Bakke (bak Ann-Hege), Even Øyri bak stammen, Torbjørn Frivik og knapt synleg Rolf Solberg.
Styret i Skognæringa Kyst held nyleg møte i Stavanger. Det vart også tid til eit bankbesøk, litt informasjon om bionergi, juletre og sjølvsagt sitkagran.
Vi har laga ein bildereportasje frå fagdelen av styremøtet i Stavanger.
Fagprogrammet var svært godt tilrettelagt av fylkesskogmeister Stein Bomo, og gav styret god innsikt i skogbruk og skognæring i Rogaland.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Det er enorme dimensjonar med treelement i bygget, og Skognæringa Kyst fann seg vel tilrette i trappa.
F.v. framme Rasmus Stokkeland og Arild Kulseng-Hansen. Andre rekke f.v. Birgit Sundbø Hagalid, Ole Bakke og Olaf Gjedrem. Tredje rekke f.v. Lars Slåttå, Rolf Solberg, Kristin Støren Wigum og Torbjørn Frivik. Fjerde rekke f.v. Stein Bomo, Morten Svanes, Ann-Hege Hanstad og Even Øyri.

I bakgrunnen tredrivaren i Kystskogbruket Kristin Støren Wigum.



F.v. nestleiar i Skognæringa Kyst Rolf Solberg, Hallstein Bø frå Grøn Energi Vest AS (eigar varmesentralen), Karl Ludvig Ådland og Kjell Høgemark frå Biodrift AS.

F.v. juletreprodusentane Synnøve Ræge og heilt til høgre mannen Per Ræge.


