Torill Eidsheim til skogdagen i Øyer
Publisert 25.08.2020
Det er mange påmelde til skogdagen med tema bratt terreng i Øyer i Gudbrandsdalen fredag 28. august.
Hovudtalarane er stortingsrepresentant Torill Eidsheim (H), adm. dir i MEF Julie Brodtkorb, adm dir. i Glommen Mjøsen Skog Gudmund Nordtun og dagleg leiar i Skognæringa Kyst Ole Bakke.
Pr i dag dag er det kring 100 påmelde til skogdagen som vil føregå ved Mosetervegen, like ved alpinbakken i Hafjell i Øyer.
I tillegg til hovudtalaraen vil det bli demonstrasjon og orienteringar ved to taubaner som syner to ulike driftsmåtar, og i tillegg ein t-winsch kopla til hogstmaskin og lassberar.
Av omsyn til korona er det strenge krav til påmelding. Men det pr. ikveld ikkje for seint å melde seg på. Ta i så fall kontakt med underteikna Helge Kårstad (mobil 48020261), Bjørn Lauritzen (90737626) eller Silje Ludvigsen (93625664)