Eit enormt viktig gjennombrot

Publisert 20.12.2020

Kystskogbruket_statsbudsjett_påskoging

Førre veke vart det sett av pengar til planting av klimaskog på statsbudsjettet 2021.
«5 millionar kroner til påskoging for å auke karbonbindinga er ikkje isolert sett mykje pengar, men det er eit enormt viktig gjennombrot» seier stortingspolitikar, tidlegare landbruks- og matminister Jon Georg Dale til Kystskogbruket.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Enormt viktig gjennombrot

«5 millionar kroner til påskoging for å auke karbonbindinga er ikkje isolert sett mykje pengar, men det er eit enormt viktig gjennombrot» seier stortingspolitikar, tidlegare landbruks- og matminister Jon Georg Dale til Kystskogbruket. Dale sit i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, som i førre veke sleppte denne gledelege meldinga. Og Dale legg til: «Fyrst no har dei andre partia akseptert at påskoging og bruk av skogen framfor passivt vern er både god næringspolitikk, og effektiv klimapolitikk. Derfor er dette eit viktig grep, som vi vil følge opp i dei komande åra»  

Rogaland var eit av 3 fylker som gjennomførte pilotprosjektet «Planting av skog på nye areal som klimatiltak», i perioden 2015-18, her representert ved skogbruksjef Hans Petter Tønnesen og skogeigar Ove Østrem.
Dei fortel her i eit oppslag på nettsida vår frå 03.12.10, at 1 dekar klimaskog bind gjennomsnittleg like mykje CO2 som ein bensinbil årleg slepp ut ved ei køyrelengde på 20 000 km

Energi- og miljøkomiteen positiv til påskoging


Som vi veit var det ikkje sett av ei krone til klimaplanting i framlegg til statsbudsjett 2021, som regjeringa la fram i haust. Med grunnlag i den seinare budsjettavtalen mellom Framstegspartiet og regjeringa,  har difor Energi- og miljøkomitéen nyleg sett av 5 millionar kroner på statsbudsjettet 2021. Vi siterar frå Energi- og miljøkomiteen:
Komiteens medlemmer fra Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti mener det er avgjørende å gjennomføre en effektiv og målrettet skogpolitikk for å øke karbonbindingen i Norge, samt å utvikle stedegen skog og drive fram flere skogplanter av lauvskog også for klimatilpassing og for bedre å ivareta artsmangfold i et klima i endring. I tillegg til skogplanting og påskoging hos private skogeiere, er det viktig å gjøre arealkartlegging og utvikle samarbeidet med planteskoler og aktører innen planteproduksjon. Disse medlemmer foreslår derfor å bevilge 5 mill. kroner til dette formålet i 2021».

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Senterpartiet mener at skogen er en så viktig del av klimaløsningen at den måten regjeringen driver skogpolitikk på, ikke kan fortsette. Disse medlemmer vil understreke at arbeidet går altfor sent, og at vi derfor ikke greier å bruke skogressursene våre så aktivt at vi kan ta ut den klimanytten det er potensial for.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet mener videre at regjeringen har gjort altfor lite for å legge opp til aktiv bruk og forvaltning av norsk skog, men i stedet har konsentrert seg utelukkende om å verne den. Disse medlemmer vil vise til at Senterpartiet ved flere anledninger har pekt på behovet for et krafttak for skogplanting i klimasammenheng, og har tatt til orde for en opptrappingsplan på dette området over de neste 10 årene. Disse medlemmer viser til at Senterpartiet foreslår å bevilge 340 mill. kroner til en samlet skogpakke, hvor skogplanting som klimatiltak og på nye arealer er en stor del av satsingen. Disse medlemmer mener det er helt uholdbart at regjeringen ikke har en helhetlig plan for skog som klimatiltak, og vil på denne bakgrunn fremme følgende forslag:
– «Stortinget ber regjeringen legge frem en plan for kraftig økning av det langsiktige opptaket av karbon på norske skogarealer. Planen må, i tillegg til å omfatte en nærmere plan for skogplanting på nye arealer, utrede hvilke verdiskapningstiltak og konkrete klimatiltak som fører til at skogbruket kan bidra til å nå utslippsmålene».

Dagleg leiar i Skognæringa Kyst Ole Bakke, er svært glad for gjennombrotet. Han seier vidare at Skognæringa Kyst gjerne vil medverke for å utvikle og gjennomføre denne ordninga, til gode for både næring, miljø og klima.

Klimaskog; ei sentral sak for Kystskogbruket


Desse pengane som no er kome inn på statsbudsjettet 2021, ligg under Klima- og miljødepartementet, og vil følgjeleg bli gjort tilgjengelege i plantesesongen 2021.
Kystskogbruket fokuserte sterkt på ei ordning for planting av klimaskog både i Kystskogmeldinga frå 2008 og 2015. Dagleg leiar i Skognæringa Kyst Ole Bakke, er svært glad for dette gjennombrotet, og håpar på ei effektiv ordning som gjer at skogplantinga raskt kjem i gang til våren.    
Pilotprosjekta for denne type påskoging vart gjennomført i fylka Rogaland, Nord-Trøndelag og Nordland i perioden 2015 -2018. Evalueringa til Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet frå april 2019 var svært positiv, og slik sett er det på tida at det no kjem pengar til konkrete tiltak. Bakke seier vidare at Skognæringa Kyst gjerne vil medverke for å utvikle og gjennomføre denne ordninga, til gode for både næring, miljø og klima.

Nordland var eit av 3 fylker som gjennomførte pilotprosjektet «Planting av skog på nye areal som klimatiltak», i perioden 2015-18, her representert ved klimaskogpådrivar Steinar Pedersen (t.v) og skogeigar Roar Jakobsen.
Biletet er frå Tosdalen i Nordland i juni 2017, og i dette tilfelle vart det planta 12 dekar klimaskog med norsk gran på gjengroingsareal. Vi har idag vore i kontakt med Jakobsen som kan fortelje at alle plantene har etablert seg godt.