Få folk ut i skogen

Publisert 26.02.2021

Hans Jacob Førde med hunden Balder og den flotte granskogen av god skurkvalitet i bakgrunnen. 
Hans Jacob gledar seg kvar dag til skogsarbeid, og håpar fleire bønder satsar på eige arbeid i skogen framover.
Hans Jacob Førde med hunden Balder og den flotte granskogen av god skurkvalitet i bakgrunnen. Hans Jacob gledar seg kvar dag til skogsarbeid, og håpar fleire bønder satsar på eige arbeid i skogen framover.

Bonde Hans Jacob Førde frå Breim i Gloppen er ikkje i tvil; – «Skogsarbeid er både kjekt, lønsamt og gir god trim».  
Tekst og foto: Helge Kårstad

Hans Jacob Førde driv mjølkeproduksjon og kjøtproduksjon i vakre Breimsbygda i Gloppen. På garden vart det planta kring 50 dekar med gran på 1950- og 60 talet. Mykje av skogen er i dag hogstmoden, totalt kring 3000 kubikkmeter, og Hans Jacob starta opp hogst for kring 3 år sidan. Då hadde han ikkje hogge eit einaste tre sidan han gjekk Mo Jordbruksskule for kring 30 år sidan.

Det står kring 60 kubikkmeter pr. dekar i skogen til Hans Jacob, totalt kring 3000 kubikkmeter. Ved å hogge dette sjølv, sit han igjen med ei god årleg inntekt frå skogen i mange år framover.

Med motorsagkurs og kappekurs hos Arnt Laukeland har han hogge 3 – 400 kubikkmeter tømmmer dei siste åra. I år er målet 200 kubikkmeter.
Det er AT Skog som kjøper tømmeret. Mesteparten går til skurtømmer, og prisen er fast 450 kr pr. kubikkmeter. Ved å hogge dette sjølv, sit ein igjen med mesteparten av denne kubikkprisen. Ved å setje dette bort til entreprenør, sit ein kanskje igjen med tredjeparten.

Hans Jacob håpar fleire dreg til skogs. -«Det er triveleg arbeid, og det er alltid ein periode kvar vinter med snø og frost som gjer slepekøyring med traktor muleg».
Sjølv har han ein 95 hestar New Holland traktor som eignar seg godt i skogen. Einaste ekstrautstyret er ein 5 tonns Igland vinsj. – «På ein god dag tek eg fram 20 grantre, kanskje 10 kubikkmeter og dette gir kring 4000 kroner for denne type skog. Det synest eg er bra betaling for arbeidet» seier Hans Jacob.

Det har vore gode tilhøve for slepekøyring hittil i vinter. Tømmeret blir lagt opp ved offentleg veg, og i dette tilfelle er vegen godkjent for vogntog slik at ein slepp å kippe tømmeret.

Hans Jacob seier til slutt at skogsarbeid ikkje minst gir dagleg og god trim. Som gammal stafettløpar, fotballspelar og i tillegg funksjonær under fleire nasjonale og internasjonale friidrettsstemner på Byrkjelo stadion i Breim, er det vel ikkje så rart at han likar seg med arbeidet i skogen. For vi veit jo alle at det var gjennom skogsarbeid dei første og største idrettsprofilane i Norge vart skapte.
Ja, kanskje får vi ein ny renessanse for sjølvhogst på dei relativt små eigedomane i mange kommunar i landet? Det krev m.a. god skog, kompetanse og god tilrettelegging. Men det krev ikkje minst optimistiske personar som Hans Jacob i Breim.
Vi set stor pris på slike møter, og ynskjer lukke til vidare!

Breimsbygda i Gloppen