På snøpakka vegar
Publisert 05.02.2021

“Dette er nett som i gamle dagar” seier instruktør i Aktivt Skogbruk Arnt Laukeland. Ein gnistrande vinter med snøpakka vegar har sett fart i eigeninnsatsen i skogen på Vestlandet, og skogeigaren kursar seg som aldri før.
Arnt Laukeland fortel at han siste 14 dagane har halde 10 kurs i Sogn og Fjordane for rett kapping av tømmer. Kurset er retta mot skogeigaren som høgg tømmer sjølv. Og interessa har vore rekordstor med kring 15-20 deltakarar på kvart kurs. Denne veka går Arnt igang med 10 nye kurs i gamlefylket for bruk av motorsag. – “Ja dette er nett som i gamle dagar” seier Arnt.
Det er Sogn og Fjordane Skogselskap som står bak opplegget. Nytilsett dagleg leiar i skogselskapet heiter Ruben Bøtun som opphaveleg kjem frå Kaupanger i Sogn. Kontorstad er Florø, og Bøtun seier at responsen på desse kursa har vore svært gledeleg. Dette gir inspirasjon for vidare kursing utover våren, og Ruben kan fortelje at det i alle fall vil bli tilbod om kursing i skogkultur, ungskogopleie og planting av gran og furu.
AT Skog er ny virkeskjøpar i Vestland og Rogaland etter overtakelse av Vestskog, og dei merkar også den gode vinteren for skogsdrift.
Vidar Jørdre i AT Skog og med kontorstad på Voss, fortel at det har vore stort påtrykk frå skogeigarar som vil hogge sjølv i vinter. Det er også god avsetnad på skurtømmeret som frå dette området stort sett går til Tyskland.
Bildereportasje
I denne reportasjen skal vi ta med nokre bilder frå eigeninnsats i skogen, kursing i rett kapping av tømmeret og tømmerbiltransport på nedklassifiserte kommunale vegar, frå velteplass til tømmerkai.
Tekst: Helge Kårstad.
Foto: Helge Kårstad med unntak av bilde under.







Elles er det ein god regel at toppsylinderen skal vere gjennomgåande i stokken. I dette tilfelle gjer den ikkje det, og difor er dette ingen skurstokk.

Frå velteplass går tømmeret dei fleste stader i kystskogfylka til ein tømmerkai, i dette tilfelle frå Bygstad i Sunnfjord kommune til nye Kvamen tømmerkai i Fjaler.

I dette tilfelle er vegen klassifisert med tillate lengde 12,4 meter, og det er difor ikkje tillate å nytte tilhengar. Tømmeret må difor kippast.
Kipping kostar totalt kring 80 kr/m3 (NIBIO 2019) og skogeigar må vanlegvis betale kring 30 kr/m3.

Firma Skogtrans AS frå Høyanger har nyleg anskaffa ein 4 aksla tømmerbil. Bilen kan laste ca. 15 tonn eller kring 16 m3 som i dette tilfellet. Vekta på framakselen kan bli inntil 9 tonn og bilen køyrer difor loveg med fullt lass vinterstid. Kippinga unngår ein likevel ikkje.
