Skog stadig viktigare i klimapolitikken

Publisert 06.06.2021

F.v. klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn som støttar seg på sitkaorven, vidare eigarane av NUEN Kristian og Lene Notland Harnes og Erik Aldner.
F.v. klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn som støttar seg på sitkaorven, vidare eigarane av NUEN Kristian og Lene Notland Harnes og Erik Aldner.

Førre veka hadde møbelprodusenten NUEN v/ Kristian og Lene Notland Harnes og Erik Aldner invitert klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn til Tirsdagsprat om skog og tre i Os ved Bergen.
Skog blir stadig viktigare i klimapolitikken sa Rotevatn m.a. til ei sommarglad forsamling.
Tekst og foto: Helge Kårstad

«Skogen vår har et uforløst potensial.» var tittel på tema under Tirsdagspraten hos møbelprodusenten NUEN, Os ved Bergen forrige veka. Ingen ringare enn klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn var invitert og deltok i møtet.
Som seg hør og bør vart det heile opna med jazztonar frå Erik Aldner på saxofon, kjent frå musikkgruppene Poney the Pirate, SynKoke og Supermale.

Tre bind karbon og kan erstatte fossile produkt
Og klimaministeren var i godlune, sikkert både fordi både veiret og publikum var strålande. Kanskje også fordi han tidlegare på dagen hadde drege oppe ein rugg av ein laks i elva Nausta i Sunnfjord.
Rotevatn minna om at dagen før nedstenginga av Norge i mars, hadde han opna Kvamen tømmerkai i Fjaler. Og held fram med å seie klart ifrå at skog blir stadigare viktig i klimapolitikken. Trea i skogen bind karbon, samtidig som produkt av tre er gode alternativ til produkt laga av fossile råstoff. Det meste som kan lagast av olje kan lagast av tre, sa Rotevatn og gav samtidig honnør til NUEN som sette tema på dagsorden.

Utvikle nye produkt
Rotevatn sa at vi fortsatt skal bygge infrastruktur i skogbruket, vi skal plante skog, ja også på nye areal. Vidare må vi sikre ein betre skogskjøtsel, satse på skogplanteforedling, bygge meir i tre og ikkje minst ta vare på alle arter som held til i skogane våre. Og vi må også ta våre på myrane våre og ikkje tørrlegge fleire. Ikkje minst må vi prøve redusere avskoginga i landet, sa ministeren mellom anna.
I motsetning til mange meinte Rotevatn at det ikkje er noko motsetnad mellom natur og klima. Og avslutta med å understreke at næringa må jobba for å utvikle nye miljøvenlege produkt, nettopp som hos NUEN.

Langorv av sitkagran
Kystskogbruket fekk også noko taletid og viste m.a. til lokale produsentar som stiller store krav til virkeskvalitet og ulike treslag. Men det gjeld å sikre desse kvalitetane for framtida og ikkje hogge dei til massevirke eller ved, gjerne ved å opprette ein Trebank.  Til slutt gav Kystskogbruket ein lokalprodusert langorv av sitkagran til Sveinung Rotevatn og oppmoda samtidig forsamlinga til å slå graset i hagen sin med langorv, sjølvsagt etter blomstring og dermed sikre framtida til biene og humlene.

Vi vil takke NUEN for å bli invitert. Vi har tidlegare (4.12.20) skrive ein reportasje om bedrifta og gledar oss over at den er i stadig utvikling.
Sjekk også nettsida til NUEN, www.nuen.no
Vedlagt også ein pdf  med flott oppslag i avisa Os og Fusaposten, SIDE 2: 2021-06-04_Os__Fusaposten_-_04-06-2021

Nedanfor
legg vi ut ein bildereportasje frå møtet i Os.

Stemningsfullt då medeigar i NUEN Erik Aldner opna Tirsdagspraten i NUEN.
Lene Notland Harnes yngste velkommen og fortalde om programmet for dagen.
Arkitekt Niolina Søgnen fortale om masteroppgåva «Barking up the right tree» som er levert ved Bergen Arkitekthøgskole i samarbeid med Ida Wressel. Dei har m.a. intervjua eigarar av mindre lokale sagbruk og tilarbeidane industri på Vestlandet. Søgnen framheva den store trongen for felles forståing og kunnskapsoverføring innafor denne delen av skognæringa.
Ei lydhøyr forsamling i butikklokala til NUEN, Holtbrekka 7 i Os.
Paneldebatt med f.v. arkitekt Nikolina Søgnen, skogbruksjef i Bjørnafjorden Simon Wolff, klima- og miljøminister Svein Rotevatn.
Kystskogbruket trekte fram nokre lokale produsentar på Vestlandet (m.a Tønnefabrikken i Fusa) og sa m.a. at det burde etablerast ein Trebank, for å sikre at spesialvirke av ulike tresalg ikkje blir levert som massevirke. Til slutt fekk Sveinung Rotevatn overlevert ein langorv av sitkagran.
Orven (skaftet) er modell etter ein underarm Vossaorv, laga av møbelprodusent Anders Midtbø på Voss. Sitkavirket er kring 100 år gammalt, planta kring 1900 under Fløyen av Bergens Skog- og Træplantningsselskap, nyleg hogge og skore på ei sag på Osterøy. Ljåbladet er smidd av ein av få ljåsmedar i landet, Svein Nesdal i Hornindal.