Dette skal vi løyse – I
Publisert 23.08.2021

Med heile jord- og skognæringa i ryggen, gav dei politiske partia SV, KrF, Sp og AP klar melding på Byrkjelo i Vestland forrige veke. «Vi skal medverke til å løyse flaskehalsane for næringstransport på kommunevegane»
Tekst og foto: Helge Kårstad
Etter initiativ frå Landbruksråd Vestland vart kandidatar til Stortinget 2021 invitert til dialog på Byrkjelo 19. august kring tema flaskehalsar for næringstransport på kommunevegane.
Under god møteleiing av bondelagsleiar Anders Felde vart utfordringane for både mjølkebil frå Tine, dyreslakt frå Nortura, dyrefor frå Felleskjøpet og tømmer frå AT Skog presentert på ein glimrande måte.
Ein fersk rapport frå Transportøkonomisk Institutt (TØI) som heiter «Samfunnsøkonomisk nytte av å fjerne flaskehalsane i tømmertransporten på kommunale vegar» vart presentert av Helge Kårstad frå Kystskogbruket.
Til slutt fekk politikarane ordet. Frå SV stilte Hege Lothe, frå SP Erling Sande, frå AP Torbjørn Vereide og frå KrF Trude Brosvik. Kort sagt; her var alle einige om at det må opprettast ein statleg pengepott for å spleise ei utbetring av prioriterte kommunale vegar. Det vart presisert at dette må gjelde fjerning av flaskehalsar slik at vogntog kan transportere råstoff frå jord- og skogbruk på lovleg vis over dei viktigaste kommunale vegane.
Nedafor følgjer ein bildereportasje frå møtet på Byrkjelo.
Vi vil også takke Geir Totland frå Vestland Bondelag for ei glimrande planlegging av denne viktige temadagen.


På BK6/28 kan han berre fylle 15% mjølk på tanken. På BK8/32 som gjeld dei fleste nedklassifiserte kommunevegane i Vestland og Rogaland, kan han fylle 54%. Han kan fylle heile tanken på BK10/50. Men på vegar som berre er godkjent for 12,4 meter kan han altså ikkje nytte hengar, og må då kippe mjølk fram til hengaren. Uansett vil han ikkje kunne få med seg fullt lass til meieriet.





Anders Felde avslutta det heile med å takke for dagen, og sa at Vestland Bondelag vil i felleskap med m.a. Kystskogbruket følgje opp saka.