Full fart etter korona

Publisert 16.12.2021

Børnes Tømmerkai, Kvinnherad kommune i Vestland er kanskje første anlegget som kjem til utbygging på nyåret. F.v. prosjektingeniør Lena Aakre Sjo i Kvinnherad kommune som har hatt ansvaret for planlegging og utlysing av anlegget. T.h. tidlegare skogbrukesjef i kommunen Terje Natland, idag einingsleiar for veg og park i kommunen.
Børnes Tømmerkai, Kvinnherad kommune i Vestland er kanskje første anlegget som kjem til utbygging på nyåret. F.v. prosjektingeniør Lena Aakre Sjo i Kvinnherad kommune som har hatt ansvaret for planlegging og utlysing av anlegget. T.h. tidlegare skogbrukesjef i kommunen Terje Natland, idag einingsleiar for veg og park i kommunen.

Det har gått tregt med utbygging av tømmerkaier siste året. Mykje skuldast korona.
Men i løpet av 1. halvår 2022 reknar vi med at prosjekt i Mandal, Kvinnherad, Bjørnafjorden, Stord, Åndalsnes, Brønnøysund, Sørfold, Steigen og Stokmarknes kjem raskt i gang.
Venteleg vil Børnes tømmerkai, Kvinnherad i Vestland vere først ute.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Kvinnherad kommune og Søre Kvinnherad skogeigarlag er eigar av eksisterande kai på Børnes.
Dei søkte Landbruksdirektoratet i 2020 om tilskot til å å oppgradera, forsterka og utdjupa den kommunale delen av kaien (33m) slik at skognæringa ville få tilgang på ein 73 meter lang kai med moglegheiter for sluttlasting av båtar. Det vart gitt 7,6 millionar kroner i tilskot av ein totalkostnad kring 10 millionar kroner.
Hittil har det kun vore 40 meter som kunne brukast for tømmerutskiping på Børnes. Plasseringa av denne tømmerkaien i Hardangerfjorden saman med store framtidige tømmermengder i Kvinnherad, gjer at det vil vere lønsamt å utvide kaien. I tillegg er det frå virkeskjøparane si side sterkt ynskjeleg å kunne sluttlaste skip på Børnes og dermed må det også føretakast utdjuping framfor kaien.

Bildet (lengst til høgre) syner den kommunale delen av kaien på Børnes. Denne skal no rivast og ny kai skal byggast. I tillegg til utdjuping utanfor kaien vil skogbruket no få prioritert tilgang til ein 73 meter lang kai, dimensjonert for inntil 6 meter høge tømmerranker og stort baklager.

Utlysing på nyåret
Detaljplanlegginga har teke noko lenger tid enn planlagt. M.a. har ein nyleg konkludert med at det vil løne seg å rive den gamle kommunale delen av kaien, og bygge ein ny tømmerkai som er dimensjonert for å kunne lesse 6 meter høge tømmerranker på kaifront. Nyanlegget betyr at det kan monterast 6 meter høge casingrør som støtter i kvar ende av den nye kaien. Dette styrkar kaien som ein fleirbrukskai for også å kunne nyttast til anna enn tømmer. Men skogbruket vil ha prioritet til anlegget, og det skal som vanleg tinglysast ein bruksrett til tømmerkaien på Børnes (73 meter) for skogeigarane i dekningsområdet.
Prosjektingeniør Lena Aakre Sjo i Kvinnherad kommune fortel at det meste av planarbeidet no er på plass, og anlegget vil bli lyst ut over nyåret. Ferdigstilling er då venta hausten 2022.

Myster og Inderberg
Tidlegare skogbrukssjef i Kvinnherad Terje Natland fortel at den kommunale delen av kaien vart bygd tidleg på 1970-talet. Søre Kvinnherad Skogeigarlag bygde sin del i forlenglse av den kommunale kaien i 1985 med statlege midlar direkte frå Landbruksdepartementet. Nokon  huskar sikkert dåverande fylkesskogmeister i Hordaland Einar Myster og Tor Inderberg frå Landbruksdepartemenet som var svært sentale i denne første delen kring utbygging av tømmerkaiar i Norge. Dei var ofte i Kvinnherad i samband med dette kan Natland fortelje.

Stort dekningsområde
Det skoglege dekningsområdet til Børnes tømmerkai er den delen av Kvinnherad kommune som ligg på Folgefonnhalvøya, samt Halsnøy. Skogarealet totalt i kommunen er i overkant av 230 000 dekar, og av dette er ca. 50 % i dekningsområdet til kaien. Det er forventa eit årleg uttak av tømmer i dekningsområdet på 25 000 – 30 000 kbm. Det er lite alternative utskipingslokalitetar for dette tømmeret. Den næraste kaien utan bruk av ferge er i Odda, 60 km frå Børnes kai.
Børnes kai ligg i Børnes næringsområde, gunstig plassert med tanke på støy til nærliggande bustadhus. Det er følgjeleg ikkje krav om nattestenging ved denne tømmerkaia.

Kvinnherad kommune er ein viktig landbrukskommune i Vestland med stor pågang frå unge som ynskjer å overta ein gard. Bildet er frå Uskedalen og viser eit typisk landkap med beite, granskog og lauvskogen øverst opp mot fjellet.