Tette granskogar i Bergen by

Publisert 18.02.2022

Her i Bergensdalen, frå Bryggen i Bergen (venstre i bilete) og sørover til Fana, Rådalen og Flesland vaks det ein gong tette granskogar. Bilete er teke i går frå fjellet Løvstakken mot byen. Vi ser også mot Fløyen (venstre i bilete) og Ulriken lenger i sør.
Her i Bergensdalen, frå Bryggen i Bergen (venstre i bilete) og sørover til Fana, Rådalen og Flesland vaks det ein gong tette granskogar. Bilete er teke i går frå fjellet Løvstakken mot byen. Vi ser også mot Fløyen (venstre i bilete) og Ulriken lenger i sør.

Klimaet på Vestlandet var godt og varmt med frodige eikeskogar, etter kvart furu og gran. Ein tett granskog fylte Bergensdalen inntil klimaet vart kaldare og kaldare. Men spor av pollen klarte ikkje den komande isen å fjerne.
Tekst med løyve frå Jan Mangerud: Helge Kårstad
Foto: Jan Mangerud

Frodige skogar i mellomistida
Vi er i mellomistida i Norge. Eit sensasjonelt funn på Fjøsanger i Bergen for kring 50 år sidan dokumenterte for første gong at det voks frodige skogar på Vestlandet i den varme delen av mellomistida for ca. 120 000 år sidan. Først etablerte ulike grasarter og urter seg, deretter kom bjørk, furu, eik, hassel, barlind, or og til slutt gran i Bergensdalen og følgjeleg over heile Vestlandet, ja heile kyststripa nordover.
Dette oppslaget er ein liten intro med nokre få bilete til saka. Vi vil seinare kome tilbake med ein meir fyldig reportasje.

Mannen bak funnet
Professor Jan Mangerud var mannen som oppdaga dette, og fekk seinare fleire prisar for arbeidet.
Vi har nyleg besøkt Mangerud på Skjold i Fana, professor emeritus ved Universitetet i Bergen. Vi har også fått løve til å formidle både bilete og stoff kring det han har skrive, og som gjeld dette funnet.
«Fjøsangerfunnet er eit like sjeldant funn i norsk naturhistorie som Osebergskipet er i vår kulturhistorie» kan Mangerud fortelje. Det forklarar også mykje kring vår tids endringar i klima, tre, planter og dyreliv.

Jan Mangerud (ca. 1975) med ein av trebit av gran (picea abies), ca. 115 000 år gammal og funne i ei vegskjering på Fjøsanger i Bergen.

Grana naturleg på Vestlandet
Fjøsangerfunnet dokumenterar for første gong kva som skjedde i den 15 000 år lange mellomistida i Norge, dvs. i perioden 130 000 til 115 000 før vår tid. Heilt tilfeldig fann Mangerud strandsnegl, fossil, skjel og rikeleg med pollen av ulike treslag i ei vegskjering langs Straumevegen på Fjøsanger i 1968. Utgravingane med dertil grundige dokumentasjonar kom ikkje i gang før kring 1975.
Det vart funne rikeleg med pollen av gran og andre treslag. Grana si innvandring i mellomistida kan samanliknast med tida vi no er inne i seier Malterud, som med ein smil kommenterar at han ikkje er særleg glad i den planta granskogen på Vestlandet. Men han seier også at geologisk sett går vi ei ny istid i møte, og grana ville uansett vandre inn naturleg også på Vestlandet innan nokre hundre år.

Diagrammet syner samansetning av vegetasjon basert på teljing av pollen. Det eldste er nederst og så blir det yngre oppover. Vi ser at etter forrige istid (for kring 130 000 år sidan), var det ein tundravegetasjon med ulike grasarter og urter i Bergen og følgjeleg kystområda våre, og utan eit einaste tre. Så vart det varmare og bjørka vandra inn og spreidde seg, deretter furu, eik, hassel, or og til slutt gran. Perioden varte i 15 000 år til kring 115 000 år sidan. Ei ny istid var så i emning. Men dei biologiske spora frå mellomistida vart aldri skura bort på Fjøsanger.
Utruleg men sant: denne skiva er gran (Picea Abies), funne på Fjøsanger i 1975 og den er altså kring 115 000 år gammal. Pollenanalysene på Fjøsanger synte også at granperioden i suksesjonen varte kring 5000 år.