Hjorten et opp skogen

Publisert 20.05.2022

Hjorteskader både i skog og eng er blitt ei stor utfordring mange stader i Norge og særleg i fleire av kystskogfylka. Det er gledeleg at NIBIO har sett søkjelys på dette. Ein fersk rapport (innfelt) forklarer og dokumenterar tema grundig og føreslår tiltak for å redusere dei store skadene.
Hjorteskader både i skog og eng er blitt ei stor utfordring mange stader i Norge og særleg i fleire av kystskogfylka. Det er gledeleg at NIBIO har sett søkjelys på dette. Ein fersk rapport (innfelt) forklarer og dokumenterar tema grundig og føreslår tiltak for å redusere dei store skadene.

Hjortestammen har dobla seg sidan år 2000 og veksten er aukande. Ein fersk rapport frå NIBIO viser til estimerte verditap på inntil 46% i foryngingsfelt av gran på Vestlandet og i Trøndelag. Saman med skader på eng utgjer dette store tap for grunneigarar og tiltak må setjast i verk.
Tekst og foto: Helge Kårstad

NIBIO ved Samson Øpstad, Gro Hylen og Erling Meisingset har nyleg utarbeid ein særs grundig rapport: Beiteskalder av hjort i foryngingsfelt og ung produksjosskog av gran og furu”
Feltregistreringar er gjort i 26 utvalde kommunar frå Suldal (Rogaland) i sør til Agdenes (Trøndelag) i nord. Det er gjort registreingar i heile 666 bestand, høvesvis 109 bestnad i furu og 557 bestand i gran.
Det er vidare gjort registreringar på tilsaman 22798 tre.

Hjortestammen har dobla seg etter år 2000. Veksten etter 1915 har sannsynleg vore større enn gjennomsnittet i perioden skriv Øpstad, Hylen og Meisingset i ein nyleg godt dokumentert NIBIO-rapport om hjorteskader.

Skremmande resultat etter skotbeite
I foryngingsfelt (hkl. 2) var det ein eller fleire skader i 87 % av furubestanda og 82% av granbestanda. Skadene er beiting på nye skot. I yngre produksjonsskog (hkl.3 og 4) er skadeomfanget noko lågare. Skadene er her borkgnag og dei opptrer mest om vinteren. Verst var resultata i Hordaland med skader i 26% av granbestanda.
Til slutt er dei økonomiske konsekvensane av skadene grundig vurdert. Det er estimert eit verditap etter skotbeite på inntil 46% i foryngingsfelt av gran på Vestlandet og i Sør-Trøndelag. For yngre produksjonsskog av gran (hkl. 3 og 4) er verditapet etter borkgnag lågare eller inntil 18% og størst på gode bonitetar.
Rapporten diskuterar og vurderar også resultata sett i høve til alder på skogen, høgd over havet, himmelretning, avstand til veg, avstand til dyrka areal, storleik på hjortebestanden, hogsttidspunkt m.m. 
Det er også omtala utanlandske granskingar innafor tema.

Tiltak er også vurdert
Mogelege tiltak for å redusere skadene på skog er også teke med i rapporten. Det er m.a. konkludert med at det samla jaktuttaket må aukast. Særleg må uttaket av kalv og hodyr (kviger, unge- og små koller) aukast. Til slutt er det påpeika at det må vere god samahandling mellom grunneigarstyrt og offentleg forvaltning.
Her kan du lese meir: NIBIO_RAPPORT_2022_8_39

Borkgnag er eit vanleg syn mange stader i granskog (hkl. 3 og 4) på Vestlandet og sør i Trøndelag. Borkgnag skjer mest om vinteren og opptrer aukande jo nærare skogen er dyrka mark. Verditapet kan vere stort.