Skognæringa Kysts styreleder
Publisert 01.11.2022
Ottar Arve Bjørkedal brenn for auka verdiskaping basert på norsk skog- og trevirke, og er oppteken av å støtte dei som ønskjer å satse. I juni vart den aktive bonden, ass.rektoren og leiaren av Allskog Bjørkedal skogeigarlag, også styreleiar i Skognæringa kyst, som er eit samvirke for skognæringa langs kysten, frå Agder til Finnmark.
-Eg er svært glad for å få denne tilliten. Dette er eit spennande og viktig verv både for å kunne medverke til at fylka langs kysten får utvikla verdiskapingspotensiale sitt, og for å syte for at skog og tre held fram med å bidra til å fange og lagre klimagassutslepp. Det er store volum med skog som er i ferd med å verte hogstmodne, og det gjev næringa langs kysten grunnlag for satsing, fortel Ottar Arve Bjørkedal.
Då Bjørkedal gjennomførte skogutdanninga på Ås, opplevde han at fylka langs kysten vart omtalte som «ikkje-skogfylka».
-Dette gjorde meg litt trist. Det er viktig å få fram det vi har langs kysten, og historisk har vi lange tradisjonar for skog- og vidareforedling av trevirke. I heimbygda mi kan vi dokumentere aktiv skogsdrift og båtbygging i meir enn 500 år, seier Bjørkedal. Segna seier at det var Bjørkedøler som vølte båtane til Kalv Arneson og Håkon Jarl når dei låg i Halkjelsvik (Volda) fyrst på 1000-talet. Den første vass-saga på Bjørkedalen kom alt på 1500-talet, og på det meste hadde bygda 6 vassager. Det er mange i ei grend med 35 gardsbruk.
POLITIKARAR OG FOLK MÅ FÅ RETT BILETE AV SKOGNÆRINGA
Bjørkedal har sjølv om lag 1000 mål produktiv skog, og har opplevd store utfordringar rundt forvaltninga av ressursen.
-Då vi hadde mykje vindfall i vinter fekk vi nei til maskinell hjelp med å rydde opp fordi skogen vår har fått status som utvald naturtype. Ein «luring» har funne på å kalle skogen her for olivinfuruskog etter berggrunnen i bygda som for det meste er olivin. Det er svært spesielt at nokre byråkratar skal kunne få politikarane til å bestemme at vi ikkje skal få stelle og forvalte denne ressursen som folket her har nytta og teke vare på i hundrevis av år, seier Bjørkedal som meiner det er viktig å arbeide for at politikarar og folk skal få rett forståing av kva skogen kan bidra med for landet vårt.
SKOGEN FANGAR STORE MENGDER CO2
Skogressursane langs kysten er i sterk vekst og skogen fangar over 50% av alle klimagassutsleppa i Noreg. Halvparten av denne karbonfangsten (25% av alle utslepp i Noreg) skjer i kystskogfylka. Samtidig er skogen ein fornybar ressurs, og bruk av tre til erstatning for produkt med eit høgare klimagassavtrykk, bidreg til ytterlegare klimakutt ifølgje FN sitt klimapanel.
– Skal vi få til dette må skogen takast vare på. Vi må syte for berekraftig hogst, og at vi får opp att ny skog med god kvalitet. Dette tek vi på aller høgste alvor, og vi er også opptekne av balansen opp mot biologisk mangfald og friluftsliv.
Skognæringa Kyst har som mål å bidra til å redusere ungskoghogst, plante klimaskog på gjengroingsareal, auke skogplantinga etter hogst, auke skogproduksjonen ytterlegare, redusere avskoginga og styrke skog- og trenæringa sin posisjon i klimadebatten.
-Vi skal arbeide aktivt for at politikarar og folk elles skal få opp auga for kor viktig næringa vår er for Noreg i åra som kjem. Etter krigen vart det satsa stort på planting av ny skog, mest for å skape verdiar i framtida for Noreg. Det var halleluja-stemning. Denne haldninga må vi få tilbake igjen. No veit vi også meir om kor viktig skog og fotosyntesen er for klimaet.
Fylkeskommunane frå Agder til Finnmark har samarbeidd om felles mål og strategiar for å utvikle potensialet i skog- og trenæringa. No kjem ei nye melding om kystskogbruket som skal vedtakast av dei ulike fylkestinga i løpet av hausten.
-Samarbeidet med politisk og administrativt nivå i fylkeskommunane er svært viktig for oss. Vi har i tillegg eit tett samarbeid med statsforvaltarane i alle fylka. Som styreleiar, vil det være ei viktig oppgåve å syte for at samarbeidet vert styrka. Vi treng ei aktiv offentleg skogforvaltning som føl opp skogeigarane, avsluttar Bjørkedal.