Stor aktivitet i Vestland Skognæringsforum

Publisert 15.12.2022

I Førde deltok elevar frå Mo Jordbruksskole og ellers en entusiastisk skogforsamling.
I Førde deltok elevar frå Mo Jordbruksskole og ellers en entusiastisk skogforsamling.
Vestland Skognæringsforum har satsa mykje på aktivitetar i 2022, på bakgrunnen av det utilfredsstillande rekrutteringsarbeidet innan skogbruk på Vestlandet. Og ønske om å få eit større fokus på skog og skogbruk i fylket.

Den 28. og 29. april vart det gjennomført eit seminar med fokus på kvalitetstømmer frå skogen, eit samarbeid mellom Vestland Skognæringsforum og Norsk Bygdesagforening. 34 stk deltok på dette arrangementet, som var lagt til lokalene til Bergen Arkitekthøgskole. Det var også eit foredrag av Jan Mangerud om granas historie i Bergen, foredraget vart halden på kveldstid 28. april i Bryggen Tracteursted som var opent for alle. Les mer om arrangementet her.

Daglig leder i Norsk Bygdesagforening, Inger-Marie Svingeset, Sekretær Vestland Skognæringsforum, Ruben Bøtun og prosjektmedarbeider i Norsk Bygdesagforening, Ragnhild Lunde.

Den 14. november vart det arrangert eit fagarrangement med tittelen: «Enorme tømmerverdiar, men korleis hauste på ein berekraftig måte» med politisk debatt der fylkes- og stortingspolitikarar var invitert. 

Fagdagen som var arrangert i Vossavangen hadde tema om utfordringane med å både komme til, avverke og transportere tømmeret som står på Vestlandet. Målet med arrangementet var å få både politikarar og personar frå skogforvaltinga til å sjå på både mogelegheitene og utfordringane i skogbruket på Vestlandet.

Næringa og interesserte var invitert til fagdagen, og om lag 75 deltok på utearrangementet, blant anna 10 elevar frå Voss vidaregåande skule og fleire kommunepolitikarar. Tilbakemeldingane var gode, og det er fremja ynskje om nytt liknande arrangement neste år (måndag 28.august 2023).

Les mer om arrangementet her.

I god klimavennlig stil hadde sekretær i Vestland Skognæringsforum, Ruben Bøtun, lagd talerstoler til de åtte politiske partiene som stilte til debatt. For det trente øye så vil dere kanskje legge merke til at det også var brukt åtte ulike treslag i disse! Ruben hadde regnet ut og skrevet inn CO2 opptaket på hver av talerstolene, noe som imponerte alle frammøtte.

15. og 16. november vart det gjennomført to karrieredagar, eitt i Voss, og eitt på Mo i Sunnfjord. Her var næringa invitert for å syne seg fram for skuleelevar og andre som hadde interesse. Karrieredagane var opent for alle, og vart halden i auditorium på vidaregåande skular. Også grunnskuleelevar var invitert. Mellom 70 og 80 elevar deltok i Voss, og om lag 20 i Førde. Det var fokus på å bruke lokale aktørar under karrieredagane, slik at det ikkje blei heilt like karrieredagar i Voss og på Mo.

På begge karrieredagane var det tømmerbil til stades, så elevane kunne prøve seg i tømmerbilen med lessing av tømmer, noko som var populært.

I Førde deltok elevar frå Mo Jordbruksskole og ellers en entusiastisk skogforsamling.

Evalueringa etter fagdagane og karrieredagane var at det er eit stort behov og det er etterspørsel etter slike arrangement. Når det gjeld karrieredagar stiller næringa gjerne opp på slike dagar, og å få dei med på å la elevane prøve seg i ein tømmerbil er ein stor attraksjon for ungdommane.

Om nokon vel ei karriere på grunn av karrieredagane våre er vanskeleg å sei i dag, men det vart utan tvil meir fokus på moglegheitene i skogbruket i Vestland. Det er allereie starta planlegging av nye karrieredagar hausten 2023, seier Ruben Bøtun, sekretær i Vestland Skognæringsforum.