AT Skog med nytt kontor i vest

Publisert 15.01.2023

AT Skog på veg inn i nye lokaler i Åsane ved Bergen.
F.v. Maren Stien Johansen som er prosjektleiar for frivilleg vern, vidare John Elter som både er ansvarleg for logistikk i region vest og sjef for kontoret i Bergen. Heilt til høgre står Knut Anders Eknes som er skogkulturansvarleg i vest.

Ikkje tilstades då biletet vart teke er Kjell Anton Svennevik som er skogbruksplanleggar, Sigve Andreas Hopland som er skogbruksleiar og Kevin Sinclair som også er skogbruksleiar.
AT Skog på veg inn i nye lokaler i Åsane ved Bergen. F.v. Maren Stien Johansen som er prosjektleiar for frivilleg vern, vidare John Elter som både er ansvarleg for logistikk i region vest og sjef for kontoret i Bergen. Heilt til høgre står Knut Anders Eknes som er skogkulturansvarleg i vest. Ikkje tilstades då biletet vart teke er Kjell Anton Svennevik som er skogbruksplanleggar, Sigve Andreas Hopland som er skogbruksleiar og Kevin Sinclair som også er skogbruksleiar.

AT Skog er no godt etablert i gamle Vestskog sitt rike frå Dalane i sør til Nordfjord i nord.
Nyleg flytta AT Skog inn i nye lokalar i Åsane rett nord Bergen. Eit ungt miljø i ei næring med bokstaveleg tala sterk vekst. Viktig for AT Skog, men ikkje minst viktig for å utvikle skognæringa på Vestlandet.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Store endringar siste tiåra
Det har skjedd og det skjer stadige endringar og utvikling i norsk skogbruk.
Sogn og Fjordane Skogeigarlag med hovudkontor i Førde vart etablert i 1973, der omsetning av skogsvirke og ny skogindustri var hovudtema. Hordaland Skogeigarlag og Rogaland Skogeigarlag (først kalla Skogsamlag) vart begge etablerte allereie i 1940. Den gongen var føremålet omsetning av skurlast, tønnestav og ikkje minst brenselved. Desse to slo seg i 2000 saman under namnet Vestskog med kontor i Granvin. I 2015 tok Vestskog opp i seg Sogn og Fjordane Skogeigarlag. I 2019 fusjonerte så Vestskog med AT Skog. Bokstavane AT står for Agder, Telemark og er både ein samvirkeorganisasjon og virkeskjøpar for skogeigarane i Telemark, Agder, Rogaland og Vestland.
Dei siste åra har det vore ein relativt sterk auke i hogstkvantumet i denne regionen på Vestlandet. Dette er jo som vi alle veit på grunn av skogreisinga med gran etter krigen. AT Skog er klart største virkeskjøparen i regionen der også Nortømmer og Fjordtømmer opererar.

Det har vore ei eventyrleg utvikling i skognæringa etter dei første plantingane etter krigen. Biletet er frå Byrkjelo i Gloppen kommune, ei av mange viktige bygder under den første samvirkeorgansieringa via Sogn og Fjordane Skogeigarlag i 1970. I dag er AT Skog viktig samvirkeorgan og virkeskjøpar også i denne bygda litt nord for Sognefjorden.

Med stor tru på framtida
AT Skog sitt nye kontor i Åsane ved Bergen dekkjer viktige skogkommunar sentralt på Vestlandet. Her finn vi både store og små skogeigarar, mange treslag, mykje flott skogsterreng og ein del taubaneterreng. Men her fins også mykje verna areal, store utbyggingsområde med følgjande avskoging, særdeles dårlege kommunevegar men kanskje mest ein stor og kvalitetsmessig god skogproduksjon.
Det må leggjast til at siste tiåret er det bygd mange viktige skogsvegar, og ikkje minst sårt trengte tømmerkaiar. Samtidig og særleg i det siste har det kome til mange unge skogeigarar, skogsentreprenørar og skogfunksjonærar med stor tru på framtida. Det nye kontoret ved Åsane i Bergen med sjef John Elter ber preg av det (sjå bilde).
Vi ynskjer lukke til!

AT Skog er stasjonerte 15 stader
I dag har AT Skog omlag 230 tilsette, 9000 medlemer og er stasjonerte 15 stader i 4 fylker:
Telemark:   Fyresdal, Høydalsmo, Notodden og Skien (hovudkontor).
Agder:        Evje, Grimstad, Lyngdal og Vegårdshei.
Rogaland:  Ølen og Forsand.
Vestland:   Bergen, Voss, Førde, Nordfjordeid og Sogndal.

Det har vore ei stor utbygging av tømmerkaier i denne vestlege regionen av AT Skog siste 10 åra, her frå den nye tømmerkaien i Eigersund i Rogaland.