Avisa Nationen med fokus på flaskehalsar
Publisert 15.04.2023
Journalist Lars Steen produserte nyleg 3 store oppslag i avisa Nationen. Tema var flaskehalsar for tømmertransport på kommunale vegar. Reportasjane kan du no lese her (sjå nederst).
Tekst og bilder: Helge Kårstad
Ei prioritert sak
Å fjerne flaskehalser for næringstransport på kommunale veger er ei prioritert sak for Skognæringa Kyst.
Situasjonen på det kommunale vegnettet er prekær i mange kommunar i kystskogfylka. Skognæringa Kyst sende før jul eit innspel til landbruks- og matminister Sandra Borch om å setje av 20 millionar kroner som spleisemidlar på statsbudsjettet 2024. Heile 30 lag organisasjonar og bedrifter frå heile landet har i ettertid sendt brev til ministeren og støtta innspelet.
Rett før påske stilte stortingsrepresentant Helge Andre Njåstad (FrP) frå Hordaland eit skriftleg spørsmål i spørjetimen til landbruks- og matminister Sandra Borch. Tema var flaskehalsar på kommunale vegar og meir om dette kan du lese i dei 3 artiklane nederst.
Sats på avisa Nationen
Vi har vore så heldige å fått tilgang til alle 3 artiklane i pdf format av avisa Nationen. Vi set stor pris på det.
Avisa Nationen er einaste landsdekkande avis som ofte skriv om skogbruk.
Vi er glade for det, og oppmodar deg gjerne til å teikne eit abbonement.
Vi oppmodar deg også til å tipsa redaksjonen i avisa Nationen og gjerne nemde journalist om gode skogtema i ditt distrikt.
Her er 3 lesbare artiklar i pdf.
Nationen 23-3-2023
Nationen 27-3-2023
Nationen 28-3-2023