23 millionar kroner ekstra

Publisert 07.05.2023

Den vakre bygda Vormedalen i Hjelmeland kommune i Rogaland representerar den historisk store satsinga på jord- og skogbruk i landet. Jordbruksforhandlingane er alltid viktig for desse bygdene.
Den vakre bygda Vormedalen i Hjelmeland kommune i Rogaland representerar den historisk store satsinga på jord- og skogbruk i landet. Jordbruksforhandlingane er alltid viktig for desse bygdene.

Staten sitt tilbod til skogbruk  under jordbruksforhandlingane er ein auke i tilskot på 23 millionar kroner. Norges Bondelag kravde ikkje eit øre ekstra.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Jordbruksforhandlingane som pågår for tida gjeld statsbudsjettet 2024.
Kravet frå Norges Bondelag til Staten var ein total auke på 6,9 milliardar kroner, derav 331 millionar kroner auke i LUF-potten og 0 kroner i auke til skogbrukstiltak som ligg i denne potten.

Rett før helga kom tilbodet frå staten ved Landbruks- og matdepartementet. Tilbodet til jordbruksføremål var eit tillegg på 3,7 milliardar kroner, derav 240 millionar kroner auke i LUF-potten der altså tilskota til skogbruksføremål ligg.
Av LUF-potten hadde staten  sett av 23 millionar kroner ekstra til skogbruket. I realiteten ein auke frå 260 millionar kroner i 2023 til 283 millionar kroner i 2024.

Ein noko spesiell situasjon
Det gjenstår no forhandlingar. Tilskota til skogbruksføremål i LUF-potten gjeld i hovudsak skogplanting og skogsvegbygging. I tillegg gjeld det midlar innafor skogbruksplanlegging, kompetansetiltak og kystskogmidlar. Som kjent vil fordelinga på dei ulike postane innfor skogbrukstiltaka bli gjort mellom avtalepartane i slutten av oktober.
Det er ikkje noko spesielt at staten tilbyr ei lågare totalramme til landbruket enn det bondelaget krev. Men det er ikkje vanleg at staten tilbyr meir til skogbrukstiltak enn det bøndene krev. Ikkje minst er det noko spesielt sidan Norges Bondelag ikkje kravde eit øre i auke til skogføremål. Dersom staten sitt tilbod blir ståande, kan det i alle fall konkluderast med at staten ved Landbruks- og matminister Sandra Borch satsar på skogbruket i 2024, og det er sjølvsagt svært gledeleg.

Tømmerkaier og kommunevegar
Når det gjeld statlege tilskot til tømmerkaier ligg det utanfor jordbruksavtalen, og blir ikkje kjent før det ordinære statsbudsjettet 2024 (kapittel 1149, post 71over LMD sitt budsjett) blir lagt fram i haust. Skognæringa Kyst har som kjent arbeidd mykje for at dette kapitelet også skal opnast for å fjerne dei verste flaskehalsane på kommunevegar.