Børøya tømmerkai opna

Publisert 30.05.2023

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum, kledd i sikringsutstyr til Allskog, var imponert over den flotte tømmerkaia på Børøya. Han sette stor pris på å bruke motorsag ved opninga av tømmerkaien, men utskjeringane av gran frå skogen i bakgrunnen kunne han ikkje matche. 
Det er skogbruksleiar Jon Erik Solberg i Allskog som i høve opninga hadde laga dei flotte utskjeringane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum, kledd i sikringsutstyr til Allskog, var imponert over den flotte tømmerkaia på Børøya. Han sette stor pris på å bruke motorsag ved opninga av tømmerkaien, men utskjeringane av gran frå skogen i bakgrunnen kunne han ikkje matche. Det er skogbruksleiar Jon Erik Solberg i Allskog som i høve opninga hadde laga dei flotte utskjeringane.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum stod for opninga av Børøya tømmerkai, Hadsel kommune i Nordland 23. mai. Kaien er ein del av Hadsel miljøhavn, og markeringa hadde samla over hundre personar denne flotte dagen i mai.

Børøya tømmerkai ligg i det nye hamneområdet i Stokmarknes og er svært strategisk plassert i høve tømmertilgangen i området. Dekningsområdet til kaien er kommunane Vågan, Øksnes, Bø, Sortland, Hadsel, Lødingen og representerar eit planta barskogareal på ca. 115 000 daa. Likevel utgjer det berre kring 10% av det totale skogarealet der lauvskogen dominerar.
Finansminster Trygve Slagsvold Vedum stod for opninga av både Hadsel nye havn og tømmerkaien.
Vedum rosa arbeidet som var gjort under skogreisinga. Han meinte at arbeidet med å betre infrastrukturen la grunnlaget for ei fortsatt sterk satsing på skogbruk i regionen.

I følgjande bilete-reportasje tek vi med helsingane vi fekk høyre etter opninga, og som omfattar det skoglege.
Tekst: Helge Kårstad
Foto: Helge Kårstad, alle utenom foto nr. 5, 8 og 11 i teksten nedanfor.
Foto: Bjørn Eide, foto nr. 5, 8 og 11 i teksten nedanfor.

To sentrale personer under opninga i Hadsel. F.v. tidlegare skogbruksjef i Lofoten og Vesterålen Gjermund Pettersen saman med finansminister Trygve Slagsvold Vedum. Gjermund Pettersen sin store skoglege innsats i Nordland og spesielt i Lofoten og Vestrålen vart understreka av Skognæringa Kyst. Utan Gjermund sin innsats hadde det nok ikkje blitt nokon tømmerkai i Stokmarknes.
Mykje folk hadde samla seg like før finansministeren skulle opne tømmerkaia.
Og endå meir folk kunne vi registrere…..
Finansministeren hadde brukt motorsag før, men aldri opna ein tømmerkai. Med hjelp av skogbruksleiar Jon Erik Solberg (t.v) og tømmerbilsjåfør Knut Henning Lihaug kunne det berre ikkje gå gale.
Helge Kårstad frå Skognæringa Kyst sa at Nordland er “the winner of tømmerkaier” i Norge ved at heile 7 anlegg er ferdig utbygd eller venteleg vil bli utbygd innan eit par år. Dette har også ei forklaring grunna i at Nordland toppar skogreisingsstatistikken i landet. I tillegg har fylket ei lang kyststripe med kort veg frå skog til sjø.
Skogbruksleiar Jon Erik Solberg i Allskog er framfor alt mannen som stod for det praktiske ved åpninga, og som hadde laga både talarstol, kommunevåpen og ikkje minst dei fantastiske utskjeringane av Stokmarknes miljøhavn. Solberg sa at denne nye tømmerkaien i Hadsel havn ville bli særs viktig for alle kommunane i Lofoten og Vesterålen. Verdien på skogen har gjort eit stort sprang fordi den prioriterte kaifronten saman med eit bakanforliggjande bakareal, vil sikre ein betydeleg betre logistikk og dertil reduserte transport- og lagerkostnader på tømmeret.
Leiar i Sortland og Øksnes Bondelag Jøran Dahl-Johansen helsa dei frammøtte, og minna om at bøndene i regionen i større grad burde sjå muleheiter i skogen. Skogen må stellast og skogen kan kan bli ei viktig næring for mange bønder framover understreka Dahl-Johansen.
Skogbruksleiar Sigbjørn Jensen er regionsjef i Nortømmer for fylka frå Møre og Romsdal til og med Troms og Finnmark.
Han gratulerte skogeigarane i regionen og understrka den viktige jobben som Kystskogbruket hadde gjort for å kunne gjennomføre lønsame skogsdrifter. Han la også til at Nortømmer nyleg er etablert også i Troms, og meinte at konkurranse mellom virkekjøparar kjem skogeigarane til gode. Men på mange områder lyt alle samarbeide for å utvikle næringa vidare, sa Jensen mellom anna.
Leiar i Vesterålen og Lofoten Skogeierlag Terje Wiik understreka at Lofoten og Vesterålen er ein region i landet med auka tilflytting og stadig nye hus blir bygde. Dette er viktig også ved ei utvikling av skognæringa. Hadsel Havn med den nye tømmerkaien vil bli ein sentral stad for å foredle meir av tømmeret frå regionen i framtida understreka Wiik.
Leiar i Skognæringas Kyst Ole Bakke sa m.a. i si helsing at det har vore satsa mykje på utbygging av skogsvegar og tømmerkaier i kystskogfylka siste åra. Men tømmerstokken går også over det offentlege vegnettet, og framover må flaskehalsar utbetrast. Dei kommunale vegane må raskt bli betre, også i Lofoten og Vesterålen.
Leiar i Nordland Skognæringsforum Bjørn Borgan gratulerte skogeigarane i reginen med tømmerkaien. Han minna om den store skogreisinga som var gjort etter krigen, og som vi no kan hauste gevinsten av. Vi vil ha eit vedvarande skogbruk, og må bygge vidare på det som allereie er gjort understreka Borgen som til dagleg styrer Alstadhaug planteskole.
Leiar i Skognæringas Kyst Ole Bakke står her saman med 2 heilt sentrale personar ved utbygginga av Hadsel miljøhavn og Børøya tømmerkai.
Linda Haukland er fylkesråd for plan og næring i Nordland fylkeskommune, og har priortert utbygging av tømmerkaiar og sentrale hamner i fylket siste åra. Både Ole Bakke og havnesjef i Hadsel Olav Henning Trondal sa under åpninga at dei sette svært stor pris på denne støtta.
Tømmerbilsjåfør Knut Henning Lihaug (f.v.) er klar for tømmerkøyring til den nye kaien. Det likar tidlegare skogbrukssjef Gjermund Pettersen og havnesjef Olav Henning Trondal.
Gruppa Strømbrudd avslutta med ein fengande konsert på tømmerkaien.
Eit nytt steg for skognæringa i Lofoten og Vesteråelen er gjennomført, – eit viktig steg for skognæringa i landet!
Takk til alle som deltok ved opninga av Børøya tømmerkai!