Samnøy tømmerkai tek form

Publisert 07.08.2023

Pelane er plasserte ved Samnøy tømmerkai. Denne veka skal dei fyllast med jern og sement. Deretter skal dragarar og betongdekke på plass og alt skal støypast på staden.
Til jul skal både tilkomst og tømmerkai vere klar til bruk.
Pelane er plasserte ved Samnøy tømmerkai. Denne veka skal dei fyllast med jern og sement. Deretter skal dragarar og betongdekke på plass og alt skal støypast på staden. Til jul skal både tilkomst og tømmerkai vere klar til bruk.

Innan jul skal den nye tømmerkaien i Bjørnafjorden kommune, Vestland fylke stå ferdig fortel entreprenør Jim Heldal. Dette blir Norges første tømmerkai med tilgang via tunnell.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Arbeidet med Samnøy tømmerkai i Bjørnafjorden kommune starta opp ved årsskiftet og vil vere ferdig til jul. Tømmerkaien er første etablering i eit nytt, stort industriområde i gamle Fusa kommune på sørsida av Bjørnafjorden. Forrige veke var representantar for skognæringa saman med kommune og entreprenør på ei synfaring til tømmerkaien.

Under synfaringa 4. august møtte f.v. entreprenør Jim Heldal, tømmerbilsjåfør Hans Bjarte Austestad og adm.dir. i Bjørnafjorden Utviklingsselskap Alf Sognefest.
Tømmerkaien med bakareal er første etablering i det nye industriområdet på Samnøy. AS Bolaks vil i næraste framtid etablere eit landbasert anlegg for fiskeoppdrett i området aust for tømmerkaien. Det er generelt stor interesse for etablering i området, og kommunen reknar med at fleire nye etableringar vil kome dei næraste åra. Det gjeld ikkje minst utbygging av meir kaikapasitet.

Første tømmerkai med tunnell
Tømmerkaien vil få ei lengde på 70 meter og blir viktig i eit sentralt skogområde i Hordaland. Det vil venteleg gå årleg inntil 100 000 m3 tømmer over kaien.
Bjørnafjorden kommune er eigar av tømmerkaien. Både utbygging og seinare drift er lagt til eit kommunalt selskap ved namn Bjørnafjorden Utviklingsselskap.
Noko spesielt er det at det blir bygd ein 125 meter lang tunnell for å kome fram til tømmerkaien og det nye industrimrådet. Bakgrunnen for tunnell framfor veg i dagen, var krav frå Statsforvaltaren for å imøtekome eksistens til ein del sårbare arter.
Entreprenørfirmaet Helldal AS fekk tilslaget innafor budsjett, og starta opp arbeidet ved juletider. Seinare fekk firmaet også oppdraget med å bygge tunnellen. Jim Heldal opplyser at arbeidet går 100% etter planen, og han ser heller ikkje føre seg ekstra kostnader når det gjeld sjølve tømmerkaien.
Staten har løyvd 23 millionar kroner til ein 70 meter lang tømmerkai og eit 5 da stort baklager.
Skognæringa var førre veke tilstades på ei synfaring og ynskjer at bakarealet blir noko utvida. Dette kan utløyse noko ekstra kostnader.

Ein 125 meter lang tunnell er under utbygging. Pr idag er tunnellen køyrbar for anleggstransport, og vil bli nytta til transport av betong for å plass- støype tømmerkaien.