Tilretteleggjarar for taubanedrift
Publisert 24.09.2023

Ny leiar i Søre Kvinnherad Skogeigarlag i Vestland heiter Kristine Frøystein Reime. Saman med skogansvarleg i kommunen Francesca Galdiolo samla dei heile 80 personar i alle aldrar til skogdag med tema taubane forrige veke. Det var ein skikkeleg godt tilrettelagt skogdag.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Ei skånsom og miljøretta driftsform i bratt terreng
Det er jamt aukande aktivitet i skogbruket i Vestland. Det er også mykje bratt terreng der bruk av taubane er ei lønsam, skånsom og miljøretta driftsform. Terrenginngrepa blir ikkje store, og det kan jamt takast omsyn til skog som vern mot naturfare. Å byggje kompetanse kring skogsdrift med taunbane i bratt terreng blir avgjerande framover. Det gjeld i det utøvande tradisjonele skogbruket, men også i høve beredskap mot naturskader.
Motivasjonsprosjektet
I regi av eit motivasjonsprosjekt for skogeigarane i Vestland har skogselskapa, skogeigarlaga, AT skog og Statsforvaltaren i Vestland arrangert skogdagar i fleire år og med ulike tema. I Kvinnherad forrige veke var temaet skogsdrift med taubane.
Leiar i Sogn og Fjordane Skogselskap Ruben Bøtun fortel at interessa er generelt aukande for skog og skogtema i fylket. I samarbeid med Hordaland Skogselskap blir det årleg arrangert kring 30 skogdagar i Vestland. Frammøtet er jamt godt, – i Kvinnherad stilte heile 80 skoginteresserte i alle aldrar opp. Bøtun legg til at samarbeid med lokale skogkrefter er avgjerande, i dette tilfelle kommune og skogeigarlaget.
Nedanfor følgjer ein bilete-reportasje med tekst frå skogdagen i Kvinnherad.
Vi vil utover hausten besøkje alle taubane entreprenørane i landet, og samtidig informere om det på denne nettsida.


Dei har nyleg bygd den 1,6 km lange skogsbilvegen som løyser ut den hogstmodne skogen på ein glimrande måte.





Frivik nyttar ei tilhengarmontert kabelkran (KMS 4000) med fast berekabel og Liftliner 4000 løpekatt. Vinsjen og løpekatten kan nyttast både som fallbane (vinsje oppover) og vinsjing nedover. Krana er utvikla og produsert hos Konrad Forsttechnik GmbH i Østerrike. Torbjørn Frivik fortel at utstyret er fleksibelt og kan raskt flyttast og monterast. Men det krev at det er bygd bilveg, eigna velteplassar og snuplass for tømmerbil før skogsdrifta blir starta. Taubanestrekka kan bli inntil 500 meter lange (er inntil 400 m i Uskedalen), og breidda i kvart oppsett er ca. 50 meter.
Kvisting og kapping blir utført av eit Woody 60 aggregat som er påmontert ei teleskopstikke i ein Doosan 210 gravemaskin.
Det blir utbetalt driftstilskot, og skogeigaren sit igjen med noko i overkant av 200 kr pr. m3 ved taubanedrifta i Uskedalen.

I det heile vart det ein særs vellukka skogdag med tema taubanedrift.
Stor takk til grunneigarane og intivatitakarane!