Sylvi Listhaug opnar Håhjem tømmerkai

Publisert 07.10.2023

JPG 2 -kopling - L1010037

Fredag 3. november kl. 10.00 vil stortingsrepresentant Sylvi Listhaug opne Håhjem tømmerkai, Ålesund kommune i Møre og Romsdal.
Same dag og same stad vil ein fersk rapport frå Transportøkonomisk Institutt om flaskehalsar på kommunale vegar bli presentert. Begge arrangementa er opne for alle, og det er venta mykje folk.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Skog frå Nordre og Indre Sunnmøre samt Vestnes soknar til Håhjem tømmerkai. Store mengder tømmer har gått over denne kaien som opprinneleg vart bygd på 80-talet og formelt overteke av Møre og Romsdal Skogeigarlag i 1994. I åra som kjem vil det venteleg gå inntil 80 000 m3 over den nye tømmerkaien som dermed er ein av dei viktigaste i Møre og Romsdal.

Den nye tømmerkaien på Håhjem vart ferdigstilt i 2021, og av ulike grunnar har det ikkje vore mogeleg å føreta den offisielle opninga. Leiar i Møre og Romsdal Skognæringsforum Håkon Johan Eliassen seier han er glad for at stortingsrepresentant Listhaug  vil kome til Ålesund for å opne kaia, og ved det markere ein viktig milepel for utviklinga av skognæringa i regionen.

Det er Allskog som i dag eig Håhjem tømmerkai, men også andre virkeskjøparar kan nytte kaien. Det vart løyvd 2,8 millionar kroner i statstilskot til Håhjem tømmerkai allereie i statsbudsjettet 2013. Pengane vart nytte til opprusting og asfaltering av bakarealet. Men den opprinnelege kaien var berre 27 meter lang, og det vart etter kvart trong for å forlenge kaifronten. I 2018 vart det på nytt løyvd statstilskot, denne gongen 11,5 millionar kroner til utbygging og forlenging av kaifronten med 54 meter.  Det var dåverande Landbruks- og matminister Jon Georg Dale som løyvde desse midlane.
Under utbygginga vart tømmerkaien noko dyrare enn planlagt. Totalkostnad vart til slutt 16,4 millionar kroner og i 2020 vart det gitt ei statleg tilleggsløyving på 1,5 millionar kroner. Statlege tilskot utgjorde tilslutt ca. 80% av totalkostnaden.

Etter opninga av tømmerkaien den 3. november kl. 10.00, vil det bli offentleggjort ein rapport med analyse av flaskehalsar  for tømmertransport på kommunale vegar i Møre og Romsdal. Rapporten er utarbeidd av Transportøkonomisk Institutt (TØI) som vil vere til stades og informere om dei viktigaste funna i rapporten.

Begge arrangementa er opne for alle, og vil føregå delvis ute og delvis inne. Det er venta mykje folk, og pressa vil vere tilstades. Arrangør er Allskog, Møre og Romsdal Skognæringsforum og Skognæringa Kyst.