Tøffe karar i tøft terreng

Publisert 16.10.2023

I ein kort pause mellom regnbyene fekk vi samla mannskapet til Rørvik Taubanedrift AS på Utne, og teke dette bilete: F.v. stroppar David, vinsjførar Jonas, og lagleiar Martynas. 
Fellaren Adomas var nede i lia og kunne følgjeleg ikkje stille på så kort varsel. Alle er frå Litauen.
Sjølv om underteikna er vakse opp i bratt terreng imponerar desse karane meg stort.
I ein kort pause mellom regnbyene fekk vi samla mannskapet til Rørvik Taubanedrift AS på Utne, og teke dette bilete: F.v. stroppar David, vinsjførar Jonas, og lagleiar Martynas. Fellaren Adomas var nede i lia og kunne følgjeleg ikkje stille på så kort varsel. Alle er frå Litauen. Sjølv om underteikna er vakse opp i bratt terreng imponerar desse karane meg stort.

Vi er i vakre Hardanger ein regntung haustdag. I den stupbratte lia mot Hardangerfjorden arbeider Rørvik Taubanedrift AS. Dei lange, tunge grantrea fell tungt i bakken, ein sprek kar finn gode fotfeste i lia, stroppar trea, vinkar klar og like etter er trea på veg opp til skogsbilvegen for å bli kvista og kappa.  
Tekst og foto: Helge Kårstad

Produktive, stupbratte lier
Skogeigar Sjur Ove Svartveit skryt av dei tøffe karane som taklar både terreng og regnbyer som heng i kø inn fjorden. – Det er bratt her, ja nærare 100% eller 45 grader – meiner Sjur Ove og minnest då han var liten og deltok i plantinga i desse stupbratte liane ned mot Hardangerfjorden. – Det var eit slit å ta seg opp igjen kvar gong – minnast han.
Mange godt vaksne skogbrukarar på Vestlandet hugsar nok godt eldsjela Guttorm Svartveit, far til Sjur Ove. Han var ein pådrivar for skogsaka, engasjert i det lokale skogeigarlaget som også sterkt medverka til at det vart bygd tømmerkai på Utne i 1988.
Sjur Ove fortel at det er registret 782 daa produktivt skogareal på garden. Av dette vart heile 693 daa planta til med gran. Kort sagt imponerande. Den gongen vaks det både furu og lauvskog på desse areala.

God oppfølgjing av AT Skog
I dag blir noko av granskogen hos Svartveit hausta. Det er Rørvik Taubanedrift AS som gjennom virkeskjøparen AT Skog SA har teke på seg den brattlende skogsdrifta på Utne. Dagleg leiar Frank Terje Rørvik fortel at det skal hoggast kring 2000 m3, og at dei er omlag halvferdige denne dagen den 10. oktober vi er tilstades. Han seier også at produksjonen har vore god, gjennomsnittleg kring 60 m3 p. dag og rosar skogbruksleiar Pierre Arnaud i AT Skog for god oppfølgjing. God planlegging og oppfølgjing er heilt avgjerande for oss understrekar Frank Terje.
Dagen då vi var tilstades vart det hogge og drege fram kring 90 m3, rett nok mykje grov skog og kort driftslengde. Gjennomittelg driftslengde (strekk) ved denne drifta er kring 150 meter, maksimalt 300 meter.

Skurtømmeret til Moelven Granvin Bruk
Som vi veit er gjennomsnittleg storleik på trea mest avgjerande for produksjon og lønsemd ved taubanedrift. Men tilrettelegging av standplassar og ein effektiv infrastruktur er uansett ein føresetnad. Det gjeld også at den offentlege vegen er slik at ein kan køyre fulle vogntog og at ein slepp kipping. Vi vil konkludere med at det meste er bra tilrettelagt ved denne taubanedrifta. Det hadde nok vore ynskjeleg med større standplasser og lunneplassar, men det bratte terrenget er utfordrande.
Mellom Utne og sagbruket Moelven Granvin Bruk er det berre kring 15 km, rett nok i luftline innover Hardangerfjorden. Skogsdrifta som føregår rett over tømmerkaia på Utne gjer såleis at alt skurtømmeret går til saga i Granvin.

Rørvik Taubanedrift AS har for tida også eit driftslag i gang i Ørsta og Volda på Sunnmøre. Utstyret er bygd opp kring ei ny taubane som nyleg er produsert hos Owren AS på Vingrom ved Lillehammer. Vi vil seinare kome tilbake med ein liten reportasje frå den drifta.

Nedanfor er ein bilete reportasje med tekst frå taubanedrifta på Utne i Hardanger.

Skogeigar Sjur Ove Svartveit er imponert over karane som utan store problem dreg fram tømmer i så bratte lier. Skogproduksjonen i desse liene er svært gode, trea blir både lange og av god kvalitet. Han legg heller ikkje skjul på at resultatet har blitt bra økonomisk. Men utan driftstilskotet hadde det kanskje ikkje vorte aktuelt å hogge tømmeret idag seier Svartveit.
Owrenkrana er produsert i 1998 hos Owren AS, Vingrom sør for Lillehammer. Sidan den gongen har taubana jamt gått i Møre og Romsdal, og har årleg drege fram 10-15 000 kubikkmeter grantømmer. Skogeigar Sjur Ove Svartveit til høgre seier at mannskapet og Rørvik Taubanedrift skal ha all ære for at dei tek på seg slike oppdrag i det bratte terrenget på Vestlandet.
Rørvik Taubanedrift har spesialisert seg på ei terrenggåande taubane og følgjeleg er Owrenkrana montert på ein lastetraktor. Dette betyr m.a. at utbygging av skogsbilvegar kan reduserast. Her på Utne står krana likevel på ein skogsbilveg fordi terrenget er stupbratt. Utstyret er elles bygd opp med løpande bærekabel, også kalla ei slepebane. Ifølgje Frank Terje er utstyret lett å montere og kan raskt flyttast.
Hogstmaskina er ein Ponsse scorpion med H7 aggregat. På grunn av bratt terreng og minimalt med lunneplassar må tømmeret likevel flyttast etter at det er kvista og kappa. Til dette blir lastetraktoren nytta, sjå også bilete under.
Lastetraktoren er ein John Deere 1910. Sjølv om Owrekrana i dette tilfelle står på bilveg, er det ein del trong for å flytte tømmeret til lunneplasser langs vegen. Det er ein ekstra kostnad som ein sjølvsagt skulle vore forutan.
Denne taubanedrifta føregår rett over Høyvika Tømmerkai på Utne som er eigd av Indre Hardanger Skogeigarlag. Kaien var bygd i 1988, og har såleis vore i bruk i over 40 år.