Ellevill glede på Stord

Publisert 13.11.2023

Med dette vil vi synleggjere at skogen på eit vis er evigvarande, den skal hoggast og plantast sa skogeigar Bjørn Furre då det vart kjent at Stord kommune får statstøtte til ny tømmerkai på Sørstokken.
Frå venstre og med granplantene klare står leiar i Stord Skogeigarlag Odd Stuve Rommetveit, skogeigar Bjørn Furre, fungerande ordførar Øyvind Kyvik, einingsleiar i kommunen Arne Bjelland og skogeigar Geir Ståle Valvatne.
Med dette vil vi synleggjere at skogen på eit vis er evigvarande, den skal hoggast og plantast sa skogeigar Bjørn Furre då det vart kjent at Stord kommune får statstøtte til ny tømmerkai på Sørstokken. Frå venstre og med granplantene klare står leiar i Stord Skogeigarlag Odd Stuve Rommetveit, skogeigar Bjørn Furre, fungerande ordførar Øyvind Kyvik, einingsleiar i kommunen Arne Bjelland og skogeigar Geir Ståle Valvatne.

Det var stor stemning på Stord då Landbruksdirektoratet forrige veke gjorde kjent løyvingar til tømmerkaiar for 2023. Seks tømmerkaier deler 20 millionar kroner i år og ein av desse var Sørstokken tømmerkai på Stord.
Tekst og foto: Helge Kårstad

I grevens tid
Bygging av tømmerkaier og tilgang til sjøtransport har vore avgjerande for at resultata av skogreisinga etter krigen har hatt ein suksess som nok ingen drøymde om den gongen. For både volum, kvalitet og sunnheit på denne skogen har nok overrraska dei mest ihuga skogreisarane. Satsinga på tømmerkaier i kystskogfylka kom også til rett tid, – i grevens tid vil nokon meine.

Nærare ein milliard blir investert
Årets løyvingar til seks anlegg betyr at det gjenstår 4-5 prosjekt  i landet som vi håpar kan bli priorterte for statstilskot til neste år. Sidan satsinga på tømmerkaier starta i 2012, har 33 stader langs kysten fått statstilskot til å utbetre eksisterande tømmerkaier eller bygge nye anlegg.
Ei vurdering som Skognæringa Kyst nyleg har gjort, syner pr. i dag ein total kostnad ved desse anlegga kring 800 millionar kroner. Staten har konkret bidrege med tilskot til kaianlegg, kaifront og baklager, og i kroner utgjer det altså kring halvdelen av dei totale kostnadane. Eigar av anlegga er i hovudsak kommunar, men nokon er også private. Dei resterande kostnadane er finansiert ved eigenkapital, og i nokre tilfelle ved fylkeskommunale midlar.
Kravet for å få statstilskot er at eigar skal gi ein tinglyst bruksrett til skogeiarane i definerte kommunar som soknar til kaianlegget. Det er også eit tinglyst krav om ei «låg» kaileige for tømmeret som skal spegle at staten har gitt eit tilskot kr x med føremål framtidig utskiping av tømmer eller flis.

Stor glede på Stord
Stord kommune er ein av stadane som søkte som statstilskot i 2023. Bakgrunnen er at eksisterande tømmerkai i Tømmervik sør på Stord må fjernast på grunn av at eigar av arealet skal bygge ein monteringsbase for vindturbinar.
Det er planlagt ein ny kai på Sørstokken som ligg like ved flyplassen på Stord. Dette er eit nytt industriområde i kommunen, og tømmerkaien vil såleis bli første tiltaket. Det er difor ikkje utan grunn at gleda var stor på Stord då løyvinga frå staten var så positiv.

Desse stadene fekk løyving til tømmerkaier 2023:

  • Sørstokken tømmerkai i Stord kommune – har fått tildelt 7,5 mill. kroner.
  • Sørkjosen tømmerkai i Nordreisa kommune – har fått tildelt 2,6 mill. kroner.
  • Kyrkjenes tømmerkai i Ullensvang kommune – har fått tildelt 0,5 mill. kroner.
  • Storskjæret Vest tømmerkai i Steigen kommune – har fått tildelt 2,5 mill. kroner.
  • Gårdsøya tømmerkai i Brønnøy kommune – har fått tildelt 5 mill. kroner.
  • Samnøy tømmerkai i Bjørnafjorden kommune – har fått tildelt 2 mill. kroner.

Sjå også informasjon om denne saka på Landbruksdirektoratet si nettside her: Landbruksdirektoratet

Sjøtransport av tømmer har føregått i mange hundre år, også i Norge. Skogreisingsskogen står aldri langt frå sjø, og har med det ein føremon når det gjeld tilgang til norsk og utanlandsk industri. Biletet er teke ein dag i 2014 på veg ut Sognefjorden til skogsindustri i Trøndelag.