Mange vegar med flaskehalsar for tømmertransport

Publisert 11.11.2023

Det var reine 17 mai steminga på Håem i Ålesund 3. november då tømmerkaien vart opna og flaskehalsrapporten for tømmertransport vart presentert av TØI og seinare overlevert til ordførar Håkon Lykkebø Strand i Ålesund kommune.
Det var reine 17 mai steminga på Håem i Ålesund 3. november då tømmerkaien vart opna og flaskehalsrapporten for tømmertransport vart presentert av TØI og seinare overlevert til ordførar Håkon Lykkebø Strand i Ålesund kommune.

På oppdrag frå Skognæringa Kyst har Transportøkonomisk Institutt gjennomført ein analyse over flaskehalser på kommunale vegar i Møre og Romsdal. I samband med opning av Håem tømmerkai i Ålesund vart resultata av analysen presenterte.
Tekst: Helge Kårstad
Bilde: Kystskogbruket

Berre 30% av kommunevegane
Tidlegare har Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane (Vestland) fått utført denne analysen. Resultata har vore skremmande i desse områda sidan mange kommunar berre har kommunale vegar for næringstransport som er ikkje er tillate å køyre med tilhengar og berre 4 tonn (fjerdedels lass) på enkel bil. Resultat i Møre og Romsdal er noko betre, – men også her er mykje å gjere.
For sjølv i Møre og Romsdal er berre ca. 30 av alle kommunale vegar godkjente for å kunne køyre fulle vogntog (24 meter lengde, 10 tonns akseltrykk og 60 tonn totalvekt).

Heile 260 vegar
Wiljar Hansen og Hedda Strømstad frå Transportøkonomisk Institutt (TØI) fortalde dei kring 50 frammøtte på Håem i Ålesund om funn av 260 offentlege vegar (i hovudsak kommunale vegar) til skogområde der det ikkje er tillate å køyre med tilhengar. I praksis betyr dette kipping av tømmer, inntil 9 turar fram og tilbake for å få lest opp eit fullt vogntog. Vi veit at kipping i dag kostar nærare 100 kr/m3 (NIBIO 2019) der skogeigar må betale kring ein tredjepart, – resten blir betalt av transportør og skogindustri. Nokon av virkeskjøparane nektar å kjøpe tømmer frå desse områda som difor blir nullområder. Det hastar med å betre dette fordi stadig meir av skogreisingskogen  blir hogstmoden.
Ei anna sak er at kipping medfører ein ekstra slitasje på dei aktuelle nedklassifiserte vegane. Det kostar også pengar og gjev i nokon tilfelle skognæringa dårleg omdøme. Det er også blitt stadig vanskelegare å finne eigna og lovleg plass der tilhengaren kan plasserast under kipping.

Wiljar Hansen og Hedda Strømstad frå Transportøkonomisk institutt var tilstades på Håem og orinterte om analysen dei har gjennmført. Dei har også skrive rapporten saman med Torkel Hofseth.

Samfunnsøkonomiske kostnader og  bruttonytte
Analysen frå TØI reknar ut den samfunnsøkonomiske bruttonytten av å fjerne flaskehalsar for tømmertransport på kommune- og fylkesvegar. Basert på venta hogstkvantum i ein 40 års periode (2022-2061) blir den samfunnsøkonomiske kostnaden rekna ut basert på dagens vegklassifisering. Tilsvarande kostnader blir så rekna ut føresett ei opprusting av vegnettet til å køyre med korthengar (19,5 m) eller med langhengar (24 m) og med fulle lass. Differansen eller bruttonytten (gevinsten) gir ein noverdi på 37,4 millionar kroner ved oppgradering til korthengar og 63,6 millionar kroner ved oppgradering til å kunne køyre langhengar.
Disse gevinstane (samfunnsøkonomisk bruttonytte) er rekna ut for kvar nedklassifisert veg fram til skogområde og prioritert innafor kvar kommune. Analysen vil såleis raskt kunne nyttast for å finne ut kva vegar det løner seg å oppgradere først som sist. I praksis vil det dreie seg om ei punktvis opprusting av flaskehalsar eller ei rein administrativ oppskriving i nokre tilfelle.

Du kan lese heile rapporten her: TØI rapport, Møre og Romsdal

Helge Kårstad (t.v.) frå Skognæringa Kyst overleverte rapporten frå TØI til Håkon Lykkebø Strand, nyvalgt ordførar i Ålesund og representant for kommunane i Møre og Romsdal. Det viser seg også at Ålesund er den kommunen i fylket som har flest vegar med flaskehalsar til viktige skogområde og som treng oppgradering.