Skognæringa vil ha fleire taubaner
Publisert 30.11.2023
Sentrale virkeskjøparar møtte nyleg statsforvaltarane i landet. Skognæringa etterlyser fleire taubaner i det bratte skogterrenget, og ei eiga arbeidsgruppe er no etablert.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Virkeskjøparane Nortømmer, Glommen Mjøsen Skog, AT Skog og Allskog signerte 16.mai 2023 ein handlingsplan med føremål å sikre eit norsk taubanemiljø i framtida.
Ein sentral del i handlingsplanen var å etablere ei referansegruppa som skal samordne arbeidet og i tillegg gi råd og innspel til bruken av statstilskotet.
Referansegruppa hadde nyleg sitt første møte som var lagt til Skogkurs sine nye lokaler i Brumunddal.
Det vart gjort 2 viktige vedtak i dette første møtet i Referansegruppa for taubanedrift.
1.
Alle virkeskjøparane melder om skogeigarar som treng bruk av taubane for å få drive ut skogen sin. Men det er knapt taubane entreprenørar å oppdrive i store deler av landet.
Det må difor raskt etablerast fleire driftslag med taubane i Norge, i første omgang 2-3 driftslag.
Referansegruppa ser føre seg at det vil vere muleg å legge til rette for yngre etablerarar som startar opp med taubane, eller at etablerte entreprenørar utvidar med fleire driftslag. Samarbeid, vilje og utveksling av informasjon og kontakter i heile næringskjeden vil vere ein nøkkel. Arbeidet er krevjande. Referansegruppa meiner likevel at det er muleg å få dette til, og har sett ned ei arbeidgruppe under leiing av Johannes Bergum, tidlegare skogsjef i Mjøsen Skog.
Norsk Taubanelag skal vere sekretær for arbeidsgruppa som elles består av Erling Perstølen frå Allskog, Jon Sigurd Leine frå Glommen Mjøsen Skog, Knut Nesland frå AT Skog, Per Kveseth frå Nortømmer, Torkel Hofseth frå statsforvaltarane, Mikael Fønhus frå Skogkurs og Helge Kårstad frå Norsk Taubanelag (sekretær).
2
Referansegruppa opplever at auken i statstilskot til taubanedrift det siste året har vore godt motteke. Men det er registrert skilnader frå kommune til kommune i storleiken på statstilskotet til taubanedrift. Dette kan vere greitt dersom det er skogtilstanden som skiljer, neppe elles. Difor er det ein stor trong for ei samordning på tvers av fylka.
Det kom framlegg om ei hurtigarbeidande gruppe som skal utforme eit rettleiande system for statsforvaltar og kommunar. Taubanekalkulatoren vil vere ein nyttig reiskap. Det kom også framlegg om ei muleg ordning med eit prosenttilskot, eventuelt ei kopling mellom prosenttilskot og kubikktilskot. Referansegruppa sette difor ned ei hurtigarbeidande gruppe som skal ha eit framlegg klart innan 15. januar 2024.
Gruppa består av Carl Olav Holen frå Statsforvaltaren i Innlandet, Torkel Hofseth frå Statsforvaltaren i Vestland saman med skogsjefane frå virkeskjøparane Allskog, AT Skog, Glommen Mjøsen Skog og Nortømmer.