Furua som vart talarstol

Publisert 15.12.2023

Ottar Arve Bjørkedal held tale frå talarstolen han sjølv har laga.
Ottar Arve Bjørkedal held tale frå talarstolen han sjølv har laga.

Ein heilt spesiell talarstol vart laga til opninga av Håem tømmerkai 3. november.
Ottar Arve Bjørkedal frå Bjørkedalen i Volda er styreleiar i Skognæringa Kyst og hadde laga talarstolen.
Vi tek med historia til talarstolen, og talen som Ottar Arve held same dagen.
Tekst og foto Helge Kårstad

Furua som vart talarstol
Furufrøet til dette spesielle treet vi no skal skrive om spira i 1845 i Bjørkedalen, Volda kommune i Møre og Romsdal. Dette er året då vi rekna at industrialiseringa starta i Norge. Ottar Arve fotel at bestefar hans (“besten” f. 1898) hadde fortalt at han som gutunge hadde gått forbi furua saman med far sin. Dette var kring 1910, og furu var då 65 år gammal. Faren hadde sagt at dette kunne verte ei fin «småbåtsfuru» (båtefjøler til færing).
Etter kringen vart det ei stor interesse for å “bygge landet” og ikkje minst reise skogen etter avskoginga og nedbrenning av hus og heim i krigsåra. I 1957 vart teigen der furua stod planta til med gran, og på 60-talet vart det bygt traktorveg forbi furua som etter kvart fekk namnet «storefòra». Konkurransen med grana tok på og furu tok til å skrante. Grana vart hogga i 2015, kring 60 år gammal og furua stod åleine igjen. Men året etter vart den hogge i samband med skoginga til Mykelbustskipet, landets støreste vikingskip som idag ligg på Eid, rett sør for Bjørkedalen. Men skuffelsen var stor då det etter hogsten var oppdaga ein stor margsprekk gjennom heile treet. Furua vart såleis vraka til det føremålet. Alderen på furua var altså kring170 år gammal då den vart hogge.
Men skjebnen var god:
Og furua fekk nytt liv igjen. Under opninga av den nye tømmerkaien på Håem i Ålesund skulle det kome mykje fint folk. Ottar kom då til å tenkje på at han skulle lage ein talarstol av “storefora” frå Bjørkedalen. Resultatet kan du sjå på bileta. No håpar Ottar at talarstolen kan bli godt nytta i dei neste hundre år. Det trur vi!

T.v. Jorun Bjørkedal og Anna Bjørkedal som er søstrene til Ottar Arve. Til høgre Torbjørn Bjørkedal som er naboen til Ottar. Biletet er teke ved furua ca. 1980 og treet var den gongen ca. 135 år gamalt. Legg merke til at det er mykje lys kring furua fordi den planta granskogen ikring ikkje var så gammal.
«Storefòra» i Bjørkedalen er her omlag midt i biletet inne i granskogen, ca. 150 år gammal. Granskogen vart hogge i 2015, og fura året etterpå.
Ottar Arve bur i huset til venstre, og slekta har såleis følgd furua på nært hald i heile 170 år. No har furu fått ei ny oppgåve.

Tale på opninga av Håem tømmerkai

Stortingsrepresentant, ordførar, skogfolk og øvrige gjester.
Til lukke med dagen!

Vi skogeigarar er ikkje dei som slevar mest etter mikrofon og talarstolar men med dagens talarstol og hending, kjenner vi på det.
Der eg kjem frå, Bjørkedalen i Volda, har det i uminneleg tider vore vanleg å lage båtar av tømmeret, og på den måten har vi fått levert tømmeret nærast på eigen kjøl, men tidene endrar seg og det same gjer  marknadane. Såleis er gode tømmerkaier heilt avgjerande for at skogen vår skal ha nokon økonomisk verdi i dag. Dette trur eg kanskje ikkje at skogeigarane tenkjer så mykje på i det daglege, men med dei mengdene med tømmer skogane våre produserer i dag er vi avhengige av å nå ein større marknad enn den lokale, om vi skal få avsetnad på tømmeret. Ikkje minst har vi sett dette i samband med dei store vindfellingane slik som i til dømes 1992 og 2011.

Med tømmerkai og båttransport vert det rimeleg frakt og vi får meir og mindre heile verda som  marknad, og kan selje der det er best betalt. For eit par år sidan gjekk til dømes furutømmeret vårt til Baltikum til rekordprisar. Utan tømmerkai hadde ikkje det vore mogleg.
Tømmereksport er ikkje noko nytt på kysten. På 15- og 1600-talet var det stor tømmereksport frå nettopp dette området. Dette gav viktige inntekter til borgarane i Ålesund og var viktig for utviklinga av Ålesund by. Sjølvsagt var fisken viktigare, men den handelen gjekk gjennom Bergen og var sesongprega. Trelasthandelen derimot gjekk gjennom Ålesund og det medførte at europeiske handelsskip kom til Ålesund. Dette var også til ei tid  på året der det ikkje var fiskeri slik at det gav meir heilårsaktivitet.

So veit vi kor det gjekk på 15- og 16-hundre talet. Skogane vart uthogde. Dei hadde tydelegvis ikkje magemål, og dei hadde heller ikkje høyrt om berekraftig skogbruk. Dessutan levde folk av mat på den tida slik at når skogen vart vekk kom graset opp, og det gav mat til å mette ei aukande befolkning. Så mange andre måtar å skaffe seg mat på var det ikkje, då området her ikkje eignar seg til matproduksjon på så mange andre måtar enn gjennom drøvtyggjarmagen.

Framsynte skogfolk og andre byrja så smått kring inngangen til 1900-talet, å realisere draumen om å kle landet med skog. Dette tok ikkje skikkeleg av før Hans Berg lanserte dei fyrste kommunale skogreisingsplanane i Ørsta i 1952. Det er om lag ein hogsmodenheitsalder sidan og det er desse ressursane kystskogbruket lever av no.

Så er det viktig at vi tek lærdom av historia vår, og det er med ein viss uro vi ser at areala vi skal produsere skog på vert omdisponert til andre føremål; nedbygging, beite eller det vert rett og slett ikkje planta til att. Vi ser også at andre brukarar er ute etter areala våre. Det vert snakka om 30% vern, og at vi skal plukkhogge eller drive lukka hogst. Dette kling dårleg i ein skogeigar sine øyre.

So på vegne av alle oss skogeigarane her i regionen vil eg takke for nok ei flott kai. Godt samarbeid mellom skognæringa, fylkeskommune og statsforvaltar har vore viktig, og løyvingsvillige politikarar som har lytta og forstått behovet har vore heilt avgjerande for å få dette til.
So må vi ikkje gløyme dei som har gjort det praktiske arbeidet med prosjektering og bygging. Takk til dokke alle for eit viktig bidrag til skogbruket på Sunnmøre.
Lukke til vidare til alle som har sin plass i næringskjeda på vegen frå stubbe til ferdig vare.

Håem 3. november 2023
Ottar A. Bjørkedal