Ho samlar skogeigarar

Publisert 11.12.2023

Guri Ophus Tyssebotn er frå Osterøy kommune like utanfor Bergen. Tradisjonelt ein viktig landbruks- og industrikommune og leverandør m.a. av treforedla produkt til Bergen by. Under skogreisinga vart det planta mykje skog på øya, og hogsten i kommunen har hittil vore mellom dei høgaste i fylket.
Guri Ophus Tyssebotn er frå Osterøy kommune like utanfor Bergen. Tradisjonelt ein viktig landbruks- og industrikommune og leverandør m.a. av treforedla produkt til Bergen by. Under skogreisinga vart det planta mykje skog på øya, og hogsten i kommunen har hittil vore mellom dei høgaste i fylket.

Guri Ophus Tyssebotn starta som skogsvegplanleggjar i Vestland for eit år sidan.
Planane endar ofte i fellesløysingar mellom fleire skogeigarar. Tolmod, lange kaffiøkter og gode historier er medisinen for å få semje om løysingane fortel Guri.
Tekst og foto: Helge kårstad

Interssant jobb
Det er ein veldig interessant jobb dette» seier Guri og fortel engasjert vidare. – «Det heile starta ofte med at ein skogeigar finn ut at skogen som vart planta under skogreisinga er hogstmoden. Då ringjer han kommunen som igjen tek kontakt med meg. Etter litt sjekk på kart og eldre hovudplanar, endar det ofte i eit felles møte mellom fleire skogeigarar i same området. For liene i Vestland er bratte, teigane smale og skal den nye skogsvegen ikkje bli for bratt, lyt det samarbeid og felles vegløysingar til. Overordna- eller områdeplanlegging for skogsvegar blir dette ofte kalla. I desse planane legg vi inn hovudvegane, oftast bilvegar eller tilkomstvegar og blir som oftast sløyfa i terrenget. Det vil alltid vere nyttig å vite kva slags driftsutstyr som vil bli nytta i området. I denne fasen blir kostnader og økonomisk lønsemd av vegprosjektet grovt skissert»

Terrenget buttar jamt imot på Vestlandet, og stigningsmålaren blir eit nyttig verktøy. For bilvegar er det viktig at dei ikkje er for bratte. Det betyr igrunn at felles vegplanar blir heilt nødvendige, seier Guri.

Tilsetjing i Sogn og Fjordane Skogselskap
Eg møter Guri på heimstaden Osterøy like utanfor Bergen. Ho er oppvaksen på gard, der skogsdrift om vinteren var heilt vanleg. Det var nok desse skogsdriftene som fanga interessa, og førte ho til Evenstad der ho har gjennomført ein bachelorgrad for kring eit år sidan. Og Guri legg til at ho var svært glad då ho fekk tilslag på denne jobben, akkurat i rett tid. Arbeidsgjevaren er Sogn og Fjordane Skogselskap, og hittil har arbeidsoppgåvene hennar vore i heile Vestland fylke.

Områdeplanlegging av skogsvegar tek tid
Guri fortel at det er stor variasjon når det gjeld kunnskap om skog og skogbruk. – «Ja ofte må eg på møtene informere om heilt grunnleggande ting, om treslag, tømmerprisar, vegkostnader, om skogfond og gjerne om ulike personar som kan kontaktast i vidare prosessar for å få bygd veg og drive skog. Slikt tek tid, men så er det ofte store investeringar og tiltak som skal planleggast».  
Kaffi, tolmod og gode historier er verktøyet som skal til for å få fram det beste samarbeidet, meiner Guri.

Profesjonell vegplanleggar
Dersom skogeigar vil gå vidare med dei overordna planane og får tilsagn om statstilskot, blir vegane detaljprosjekterte med endeleg utstikking av veglinje med lengdeprofil og i enkelte tilfelle tverrprofil. For å kunne utføre denne delen av arbeidet må vegplanleggjaren ha gjennnomført ei eiga utdanning, og kan då reknast som “profesjonell” vegplanleggar. Guri skal ta denne ekstra utdanninga i løpet av 2024 ved Fagskulen i Innlandet.

Frå kurs til skule
Kursing til “profesjonelle” vegplanleggarar er ei reltivt ny ordning som opphaveleg vart etablert av Landbruksdirektoratet og lagt til Skogkurs for gjennomføring via ei kursrekke. Denne har fungert tilfredstillande i fleire år, men har ikkje gjeve noko formell utdanning.
Frå og med neste år er det etablert eit utdanningstilbod for vegplanleggjarar i skogbruk, og lagt til Fagskulen i Innlandet, studiestad Gjøvik. Dette er ei nettbasert utdanning over eit år med 5 fysiske samlingar, kvar på 3 dager. Utdanninga er no ikkje lenger eit kurs, men eit skuleopplegg som gjev ei formell utdanning, 20 studiepoeng og det er i tillegg gratis. Skogkurs sine fagfolk innanfor infrastruktur vil stå for den praktiske undervisninga.
Du kan lese meir om dette i eit fersk innslag i Skogkurs-podden på nettsida til Skogkurs. Her kan du også melde deg på: https://skogkurs.no/nyheter/meld-deg-opp-til-veiplanleggerstudiet-na/

Vilma (Kleine Munsterlander) er opprinneleg ein tysk jakthundrase som likar seg godt i granskogen. Guri har Vilma med seg nær sagt overalt, og meiner at av og til legg Vilma inn eit godt ord for ein felles vegplan.