Kunstverket i Gudbrandsdalen

Publisert 19.12.2023

Fakkelmannen sett frå Hafjelltoppen, februar 2023.
Fakkelmannen sett frå Hafjelltoppen, februar 2023.

Skogentusiastar og taubanefolk stod bak utforminga av Fakkelmannen, eit av landets mest fotogene kunstverk. Staden er Hafjell, tidspunktet er 1993, året før OL på Lillehammer.
Prosjektleiar og tidlegare skogbrukssjef i Øyer kommune Carl Olav Holen fortel at utfordringa vart teken på strak arm då OL komiteen via rådmannen i kommunen kom inn på kontoret ein dag.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Carl Olav Holen er i dag fylkesskogmeister i Innlandet og kjenner historia godt. For Carl Olav var den gongen skogbrukssjef i Øyer, og fekk spørsmålet frå dåverande rådmann om det var mogeleg å lage ein «fakkelmann» i skogen på andre sida av alpinløypa i  Hafjell. Svaret var ubetinga ja, fortel Carl Olav med eit smil.
Men dette hadde ingen gjort før. Carl Olav trong digital eksperthjelp, og det vart teke kontakt med Gjøvik Ingeniørhøgskole, tidlegare Skogskulen på Brandbu. Målet var at figuren skulle vere godt synleg frå midtstasjonen i alpinløypa i Hafjell, og det måtte følgjeleg lagast ein digital terrengmodell som etterpå skulle plasserast rett i terrenget. Til oppmerking i terrenget fekk Carl Olav  m.a. med seg studenten Johannes Bergum, seinare skogsjef i Mjøsen Skog og i dag styremedlem i Norsk Taubanelag.
Carl Olav fortel også at dåverande fylkesskogsjef Knut Dæhlen engasjerte seg mykje i prosjektet, ikkje minst med å skaffe midler til arbeidet og ved å fronte skog og skogbruk mot journalistar under OL på Lillehammer.

Planlegging av veg fram til Fakkelmannen blei utført av dåverande skogsvegplanlegger i Oppland Øyvind Lundberg og fylkesskogmeister Sjur Haanshus. Det vart først bygd ein skogsbilveg som enda kring 500 frå Fakkemannen. Deretter vart det bygd ein traktorveg som enda oppunder brystet til Fakkelmannen. Dette vart også standplassen til taubana som skulle ta ut skogen.

Det er nok teke millionar av bilete frå aktivitetar i Hafjelløypa der Fakkelmannen er sentral. Dette biletet er teke i slutten av februar 2023.

Hogs og framdrift av tømmeret  vart utført av Rørvik Taubaner AS v/ Vidar og Grethe Rørvik frå Sandnes i Rogaland. Som kjent døydde Vidar for ei stund sidan. Grethe fortel at Vidar køyrde krana (ei Owren T3 Kran) og ho sjølv køyrde kvistemaskina (modell Logma). Ho fortel vidare at dette var eit krevjande arbeid, at det vart gjennomført hausten 1993, og at dei vart ferdige til jul. Sjølve krana stod på denne traktorvegen i brystet til Fakkelmannen, og det kunne vere svært  trongt om plassen. Med seg hadde dei Oddbjørn Helland frå Voss som fellar og stroppar ute i terrenget. Oddbjørn fortel at terrenget var så bratt at det innimellom var vanskeleg både å stå og gå, særleg i søndre foten til Fakkelmannen. Sjølv miste han fellesspettet som nok, den dag i dag, ligg oppe i skuldra til Fakkelmannen. Oddbjørn  meiner at det vart teke ut ca. 800 m3 grantømmer ved denne drifta. Sjølv køyrde han innimellom lassberaren fram til velteplass ved bilvegen. Han  huskar spesielt at det var trongt å snu lassberaren ved bana, inntil at kvisthaugane var så store at dei kunne nyttast som snuplass.

Det er 6 grunneigarar til Fakkelmannen. I samband med dette oppslaget har vi kontakta Erling Jevne som er ein av desse. Han hadde ikkje merknader til dette oppslaget, som vi gjerne vil understreka er kopla til taubanedrift. I media kan vi lese at Fakkelmannen i åra etter OL gradvis vart litt utviska. Men Fakkelmannen vart rydda i samband med Ungdoms-OL i 2016. Utover dette kjenner vi ikkje til kva avtaler og planer som i dag føreligg om denne unike figuren i skogen i Øyer.

«Det der vil eg kalle eit kunstverk» sa programleiar Bergljot Hjorthol i eit Norge Rundt oppslag frå 17. desember 1993.
I dette innslaget følgjer vi dåverande skogbrukssjef i Øyer kommune Carl Olav Holen, som fungerte som prosjektleiar utan direkte utnemning. Han understreka i dag at dette også viser korleis ein kan bruke taubane i vanskeleg terreng, både ved å ta ut enkelttre, små parti og større flater i terrenget. Men det krev god planlegging presiserar Carl Olav tilslutt.
Mange er i dag imponerte over at Fakkelmannen i Øyer held seg så godt. Det ventar kanskje eit 30 års jubileum til neste år?

Innslaget i Norge Rundt kan du Sjå her

Det var eit mål av Fakkelmannen skulle vere godt synleg frå Midtstasjonen, her like ved Olympiatunet i Hafjell der det dagleg i vintersesongen passerar tusenvis av mennsker, og gjerne nyter ein matbit i sola. Også dette biletet er frå februar 2023.