Kaien som fekk tungtrafikken ut av byen

Publisert 28.01.2024

Ordførar i nye Lindesnes kommune Alf Erik Andersen (t.h.) er stolt over den nye hamna i Strømsvika. Han er glad for at det er gode tilbakemeldingar frå skognæringa, her representert ved Øystein Simonsen (t.v.) og Lloyd Gundersen frå Nortømmer.
Ordførar i nye Lindesnes kommune Alf Erik Andersen (t.h.) er stolt over den nye hamna i Strømsvika. Han er glad for at det er gode tilbakemeldingar frå skognæringa, her representert ved Øystein Simonsen (t.v.) og Lloyd Gundersen frå Nortømmer.

Ordførar Alf Erik Andersen i nye Lindesnes kommune er full av lovord når det gjeld Strømsvika tømmerterminal i Mandal. – Det var tømmerkaien som drog ei områdereguleringa frå 2012 for ny hamn i Mandal i gang, og dermed fekk vi tungtrafikken ut av byen. I grevens tid for tømmertrafikken har auka mykje etterpå fortel Andersen.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Korleis gjekk det med tømmerkaiane langs kysten?
Som kjent er satsinga på tømmerkaiar i Norge bokstaveleg tala snart i hamn. Nærare 40 anlegg er dei siste 10 åra, og innan eit par år, ferdig utbetra eller nybygde. Det vil då vere investert totalt nærare ein milliard kroner der staten har gått inn med kring det halve. Tinglyste bruksrettar som vilkår for statstilskot, sikrar ein framtidig tilgang til sjø for nær sagt all skogen langs kysten, og i alle framtid.
Korleis gjekk det så med dei første kaiprosjekta og korleis er stoda i dag?
Vi vil framover setje søkjelyset på nokre av desse tømmerkaiane, og startar med den største som er Strømsvika tømmerterminal, Mandal i Agder.

Eit ynskje om ei ny hamn og ein Sintef rapport
Under tidlegare ordførar Tore Askildsen (KrF) i Mandal kommune, vart områderegulering for ny hamn i Strømsvika vedteke av kommunestyret 13. september 2012. Mykje av grunnen til dette var å få tungtrafikken til kaiane på Gismerøya ut av Mandal by til eit totalt jomfrueleg område kalla Strømsvika.

Dette var året etter at SINTEF på vegne av Skognæringa Kyst utarbeidde ein rapport om trongen for tømmerkaiar langs kysten. I rapporten var ein tømmerkai i Mandal sterkt prioritert. Rapporten vart hausten 2011 overlevert dåverande statsråd Lars Peder Brekk, og året etter vart det avsett 25 millionar kroner i revidert statsbudsjett til utbygging av tømmerkaiar. Landbruks- og matdepartementet la stor vekt på at SINTEF-rapporten skulle leggjast til grunn ved tildeling av statstilskot, og sa seg samtidig glad for at Skognæringa Kyst ville gjennomføre fylkesvise regionmøter for å informere om dette nye tiltaket.

Overlevering av SINTEF-rapporten om tømmerkaiar til tidlegare Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk 29. november 2011. F.v. Vibeke Stærkebye Nørstebø frå SINTEF, Lars Peder Brekk, tidlegare fylkesråd i Nord Trøndelag og sentral i etableringa av Kystskogbruker Alf Daniel Moen og ytterst til høgre Olav Norberg frå Norske Skog.

Eit regionmøte i regi av Skognæringa Kyst
Eit av dei første fylkesvise regionmøte vart halde seinhaustes 2012 i Mandal, i regi av Skognæringa Kyst.
Det skulle vise seg å vere «god timing». Ordførar Tore Askildsen tok raskt kontakt i møtet, og fortalde om den nyleg vedtekne områdereguleringa for ny hamn i Strømsvika og tilbydde all mogeleg assistanse for å medverke til ein ny tømmerkai i området. Vi vil gjerne understreke at skogfolka ved fylkesmannsembetet i Vest-Agder, representert med dåverande fylkesskogmeistrar Karl Gjermund Damli og Ole Stabekk engasjerte seg mykje i det vidare arbeid. Nemnast må også Nils Aakre frå AT Skog og Lloyd Gundersen som i dag representera Nortømmer.
Og vi kan sjølvsagt ikkje unnlate å nemne dåverande hamnesjef Olav J. Neset i Mandal Havn. Han kunne aldri vente til i morgon, med det som kunne gjerast i dag.

Det andre regionmøte i Mandal 16.mars 2015. Torleif Terum frå Landbruksdirektoratet informerar om tømmerkaiordninga, og vilkåra for å kunne søkje om statstilskot.
Eit av dei første møta kring tømmerkaiplanlegging med representantar frå skognæringa i Vest-Agder hausten 2012. Biletet er teke på Gismerøya. F.v. fylkesskogmeister Karl Gjermund Damli, Nils Aakre frå AT Skog og ytterst til høgre dagleg leiar i NEG Skog.

Ein stortingsrepresentant frå Agder
Det vart så utarbeidd planer for ein 120 meter lang tømmerkai i Strømsvika, og første søknad vart sendt Landbruksdirektoratet i 2013. Men søknadane var mange, og løyvingane til tømmerkaiar var relativt små og usikre dei første åra. Difor måtte Strømsvika vente til 2016 då dei fekk den første løyvinga på 23,8 millionar frå staten. Tidlegare stortingsrepresentant frå Agder Hans Fredrik Grøvan (KrF) må nok få ein god del av æra for å løfte statsløyvinga med 25 millionar kroner til tømmerkaiar under budsjettforhandlingane hausten 2015. Det la nok grunnlaget for at relativt store tømmerkaiprosjekt, som for eksempel i Mandal kunne gjennomførast, og det la nok også malen for dei neste åra.
Heile 14 kommunar stod bak søknaden til Strømsvika, dvs. Audnedal, Lindesnes, Marnardal, Mandal,  Åseral, Farsund, Flekkefjord og Sirdal, Hægebostad, Kristiansand, Kvinesdal, Lyngdal, Songdalen, Søgne og Vennesla. I denne samanhengen må vi ta med at avdelingsleiar for landbruk i Lindesnes kommune Øyvind Jorstad gjorde ein kjempejobb med å få på plass både søknader og dei seinare  dokumenta for bruksrettar til tømmerkaien.

Stortingsrepresentant Hans Fr. Grøvan (KrF), nr. 2 frå venstre, medverka sterkt til at løyvingane til tømmerkaiar vart kraftig påplussa under budsjettforhandlingane hausten 2015. Elles ser vi f.v. dåverande styreleiar i Skognæringa Kyst Jan Ivar Rødland, dåverande dagleg leiar i Skognæringa Kyst Kjersti Kinderås, Olav Vold frå FollaCell MM Karton i Trøndelag og Helge Kårstad.

Ein imponerande prosess
Det vart ordførarskifte i Mandal i 2015 då Alf Erik Andersen (FrP) overtok. Han fekk dermed arbeidet med å realisere prosjektet. Vi vil leggje til at svært mange var involverte i dette arbeidet, og det vart m.a. gjennomført eit imponerande arbeid for å skaffe nok eigenkapital til å løfte ei total investering som nok nærmar seg 100 millionar kroner. I dette ligg sjølvsagt at det skulle byggast meir kaikapasitet i Strømsvika som etter kvart skulle tilfredsstille mange aktørar, og at aktiviteten på Gismerøya og trafikken gjennom byen etter kvart skulle avta.

Biletet er frå ei synfaring i 2017 etter at arbeidet er godt i gang. Framme f.v. ordførar Alf Erik Andersen, Alf Gottfred Møll, Stig Hellerud landbruks- og matminister Jon Georg Dale, Lloyd Gundersen, Karl Gjermund Damli og politisk rådgjevar for ministeren  Margrethe Dysjaland.
Bak f.v. Even Hedland, Olav Nesset, Gisle Meininger Saudland, Tom Eikså og Ove Nodeland.

Ei tredobling av kvantumet
Tømmerkvantumet som vart levert over Gismerøya inne i byen hadde historisk sett lege på kring 100 000 kubikkmeter. I søknaden om statstilskot i 2013 var det oppgjeve ein prognose om ei framtidig dobling inntil 230 000 kubikkmeter over den nye kaia i Strømsvika.

Prognosane har slege til, og vel så det. I dag blir det skipa ut nærmare 300 000 kubikkmeter over Strømsvika. Ordførar Andersen er sjølvsagt glad  for at hamna vart flytta ut frå byen. Ei tredobling av trafikken med tømmer til Gismerøya og gjennom byen ville nok aldri blitt akseptert, legg han til.

Viken AT Market er eksportselskapet til Viken Skog og AT Skog. Logistikksjef Kjersti Denver fortel at dei ligg på ca. 140 000 m3 med tømmer over Strømsvika tømmerterminal  i 2023.
AT Skog sender sjølv ein del massevirke til Norske Skog. Transportleder Hilde Haukom i AT Skog fortel at det dreiar seg om krig 50 000 m3 siste året. Sameleis fortel logistikksjef Mariann Myklebust i Nortømmer at dei nærmar seg 100 000 m3 over Strømsvika i 2023.

Karl Gjermund Damli er i dag fagleder skog hos Statsforvaltaren i Agder. Han fortel at den store auken i kvantumet over Strømsvika gjerne har 3 grunnar. For det første har hogstkvantumet i heile fylket auka generelt dei siste åra. For det andre blir tømmeret til Strømsvika henta noko lenger borte enn tidlegare til kaien på Gismerøya. For det tredje har hogstkvantumet frå skogreisingsskogen i Vest-Agder auka relativt meir enn for resten av fylket, og mesteparten av dette tømmeret går til Strømsvika. Faktum er at gamle Vest-Agder har i dag passert gamle Aust-Agder når det gjeld årleg hogstkvantum, og grunnen er at granskogen etter skogreisinga er blitt hogstmoden.
Så også sett i høve til tømmeret samtykkjer Damli med ordføraren om at Strømsvika kom i grevens tid.

Det var mykje folk samla frå fjern og nær under opninga av tømmerterminalen i Strømsvika 21. oktober 2017.
F.v. fagdirektør i Landbruks- og matdepartementet Arne Sandnes og taubaneentreprenør Torbjørn Frivik.
Før kommunesamanslåinga mellom kommunane Lindesnes, Mandal og Marnardal i 2019 låg Strømsvika under Mandal Havn. I dag ligg Strømsvika under Kristiansand IKS . Trafikkinspektør Filip Tellefsen fortel at Strømsvika tømmerterminal fungera svært godt for tida. Men dersom kvantumet aukar framover, kan det bli trongt seier Tellefsen.