Mykje er gjort, mykje ventar

Publisert 22.01.2024

Transportøkonomisk Institutt sine nylege analysar og resultat skremde nok mange i Vestland. I fleire kommunar kan ein ikkje lesse lovleg meir tømmer enn biletet over syner, totalt 4 tonn (ca. 10 stokker) på enkel bil. Det hastar med både analysar og tiltak. Innan utgangen av 2025 vil tilsvarande analysar venteleg vere gjennomførte i alle kystskogfylka.
Transportøkonomisk Institutt sine nylege analysar og resultat skremde nok mange i Vestland. I fleire kommunar kan ein ikkje lesse lovleg meir tømmer enn biletet over syner, totalt 4 tonn (ca. 10 stokker) på enkel bil. Det hastar med både analysar og tiltak. Innan utgangen av 2025 vil tilsvarande analysar venteleg vere gjennomførte i alle kystskogfylka.

Det er gjort mykje for å betre infrastrukturen i kystskogfylka siste 10 åra.
Tømmerkaiane er snart ferdig utbygde og skogsvegane er i god rute. Men flaskehalsar på kommunevegar er nærast ei krise for tømmertransporten i mange kommunar.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Ei prioritert sak i kystskogfylka
Kystskogfylka har historisk sett hatt dei høgaste drift- og transportkostnader i skogbruket. Dette var noko av grunnen til etableringa av Kystskogbruket tidleg på 2000 talet. Kystskogmeldinga både i 2008, 15 og 22 prioriterte følgjeleg arbeid med å betre infrastrukturen for å redusere desse kostnadane i ei konkurranseutsett skognæring.
Som kjent er satsinga på tømmerkaiar bokstaveleg tala snart i hamn. Nærare 40 anlegg er siste 10 åra og innan eit par år ferdig utbetra eller nybygde. Det vil då vere investert totalt nærare ein milliard kroner der staten har gått inn med kring det halve. Tinglyste bruksrettar som vilkår for statstilskot sikrar ein framtidig tilgang til sjø for nær sagt all skogen langs kysten, og i alle framtid.

Ein totaloversikt innan 2025
Skognæringa Kyst engasjerte i 2020 Transportøkonomisk Institutt (TØI) til å analysere og prioritere flaskehalsar for tømmertransport på kommunevegar. Analysen er no ferdig for fylka Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal. For tida pågår arbeid i Trøndelag, i samråd med skognæringa og Statsforvaltaren. I Trøndelag har fylkeskommunen løyvd heile 300 000 kroner til arbeidet. Det er planlagt oppstart av tilsvarande analysar i Nordland og Troms i andre kvartal 2024. Venteleg vil Agder også få gjennomført ein slik analyse.
Skognæringa Kyst vil legge fram ein totalrapport for alle kystskogfylka over prioriterte kommunale vegar med flaskehalsar for tømmertransport i løpet av 2025. På dette grunnlaget vil det fortsatt bli arbeidd for ei statleg spleiseordning for å få fortgang i oppskrivinga av kommunale vegar.

Lloyd Gundersen er skogbruksleiar for Nortømmer i Agder. Lloyd har svært lang erfaring i fylket, og meiner at det hastar med å få fjerna flaskehalsar på kommunale vegar og særleg i den vestre delen av fylket.

Kring 1600 vegar med flaskehalsar for tømmertransport
Tilstanden på kommunevegane går delvis fram av oppdaterte veglister. I heile landet er berre 13% av alle kommunale vegar godkjent for normale vogntog, dvs. 24 meter lengde, 10 tonn akseltrykk og 60 tonn totalvekt. Analysen frå TØI i Rogaland og Vestland synte tilsaman 1082 vegar med flaskehalsar for tømmertransport, dei fleste kommunale, men også nokre fylkesvegar. I Møre og Romsdal er tilsvarande tal 531 vegar. Det er  likevel slik at prioriteringa som er gjennomført viser at ikkje alle desse er like viktige for tømmertransporten. Noko kan også gjerast med ei administrativ oppskriving, men mange stader lyt det investerast noko for å fjerne flaskehalsen.

Frode Moen er logistikkleiar i Allskog og deltok då analysen for Møre og Romsdal vart lagt fram 3. november i Ålesund. Han er svært glad for at det no var sett fokus på kommunevegane.
Kartlegginga av prioriterte flaskehalsar er viktig for å kunne vere førebudd og utføre tiltak i tide, etter kvart som hogstkvantumet aukar, seier Moen.