Øystein Simonsen til Nortømmer
Publisert 16.01.2024
Øystein Simonsen frå Bergen er ny regionleiar Sør-Vest i Nortømmer. Han får ansvaret for fylka Agder, Rogaland og Vestland. Simonsen var tidlegare dagleg leiar i Bergens Skog- og Træplantningsselskap, og har i det siste arbeidd som skogforvaltar i Bergen kommune.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Brei bakgrunn
Øystein Simonsen fortel at han kjem opphaveleg frå Hamar, og hadde første jobben ved planavdelinga i tidlegare Mjøsen Skog. Men sidan kona er frå Bergen, vart det naturleg å søkje vestover etter kvart. Første jobben i Bergen hadde han i Fiskeridirektoratet, deretter Bergens Skog- og Træplantningsselskap og Bergen kommune. Øystein kjenner følgjeleg skogbruket i Vestland godt, og ser fram til å bli betre kjent i resten av regionen. Stillinga som regionleiar Sør-Vest er ny, og Øystein blir slik sett første regionleiar for Nortømmer i fylka frå og med Agder til og med Sogn og Fjordane. Simonsen er ein person med brei bakgrunn, og vi ser fram til eit godt samarbeid i åra som kjem.
Vil styrkje regional satsing
Dei siste åra har Nortømmer arbeidd for å styrke si regionale satsing som no er gjort gjeldande. – Denne omorganiseringen styrker vår tilstedeværelse i alle deler av landet, samtidig som vårt skogkulturarbeid løftes, seier daglig leiar Per Kveseth.
Nortømmer har siden etableringa i 1998 vore den einaste virkeskjøparen som har operert i heile landet. Før omorganiseringa var Nortømmer inndelt i 7 regionar.
– Med endringene som nå er gjennomført har vi fire regioner – Nord, Midt, Øst og Sør-Vest. I tillegg har vi etablert en rolle som dedikert skogkulturansvarlig. Målsettingen er å kombinere sterk og effektiv regional tilstedeværelse med en spisset og mer overordnet ledelse av skogkulturarbeidet. I løpet av 2023 har Nortømmer derfor 7 nye ansatte på virkeskjøp og skogkultur. Vi har med dette styrket vår kapasitet for oppfølging i alle deler av landet, avsluttar Kveseth.