Møre og Romsdal SP krev stimuleringsmidlar til kommunevegar
Publisert 05.03.2024

Etter framlegg frå Marit Nerås Krogsæter, fylkesleiar emerita i Møre og Romsdal Senterparti vedtok årsmøtet førre veke ein resolusjon kring flaskehalsar for tømmertransport og anna næringstransport på kommunale vegar.
Tekst: Helge Kårstad
Her kan du lese det gode og gledelege resolusjonsvedtaket frå fylkesårsmøtet til Møre og Romsdal Senterparti den 3. mars:
“Flaskehalsar for næringstransport på kommunale- og fylkeskommunale vegar er eit hinder for utvikling i distrikta. Ifølgje veglista er 85% av kommunevegane i Noreg ikkje tillatne for standard tømmervogntog. Det hastar å fjerne flaskehalsane for å kunne klassifisere opp desse vegane, og ein må sørge for at kommunane og fylkeskommunane blir satt i stand til å ruste opp vegar som er avgjerande for å kunne frakte tømmer.
Møre og Romsdal Senterparti krev:
At Staten må løyve stimuleringsmidlar til å fjerne flaskehalsar for tømmertransport og anna næringstransport på kommunale vegar. Transportøkonomisk Institutt sine analysar bør bli lagt til grunn for prioriteringar innanfor eit slikt stimuleringsprogram”

Sjølv kjem Marit frå Ålesund kommune der ho underviser på ein vidaregåande skule. Marit gav seg på siste årsmøte som leiar i Møre og Romsdal Senterparti. Ho har vore sentral i politikken både på kommune- og fylkesnivå i 12 år, men tek no ein liten pause frå politikken.
Foto: privat.