Taubana på frammarsj

Publisert 31.10.2024

Utedagen under Taubanesamlinga 2024 var lagt til Nordagutu der Gunnar Moe driv fram tømmer med taubane. Gunnar driv som oftast åleine og strekka er jamt lange, i dette tilfelle 550 meter. Han feller sjølv trea i terrenget og fjernstyrer løpekatten (Woodliner) tur/ retur på ein fast berekabel til dalstasjonen. Kvisting, kapping og opplegging på velteplass blir utført av Highlander'n på biletet. I heile dette området tek Gunnar ut kring 4000 m3 og kvar strekk er på ca. 1500 m3 tømmer.  På dalstasjonen står ein eldre terrenggåande mobilkran (Bjørn). Opplegget er fleksibelt, kapitalkostnadane er akseptable, han driv åleine og kan planlegge å drive når tilhøva i skogen er gode. Forsamlinga let seg imponere over den driftstekniske løysinga, og ikkje minst av entusiasmen og fagkunnskapen til Gunnar.
Utedagen under Taubanesamlinga 2024 var lagt til Nordagutu der Gunnar Moe driv fram tømmer med taubane. Gunnar driv som oftast åleine og strekka er jamt lange, i dette tilfelle 550 meter. Han feller sjølv trea i terrenget og fjernstyrer løpekatten (Woodliner) tur/ retur på ein fast berekabel til dalstasjonen. Kvisting, kapping og opplegging på velteplass blir utført av Highlander'n på biletet. I heile dette området tek Gunnar ut kring 4000 m3 og kvar strekk er på ca. 1500 m3 tømmer. På dalstasjonen står ein eldre terrenggåande mobilkran (Bjørn). Opplegget er fleksibelt, kapitalkostnadane er akseptable, han driv åleine og kan planlegge å drive når tilhøva i skogen er gode. Forsamlinga let seg imponere over den driftstekniske løysinga, og ikkje minst av entusiasmen og fagkunnskapen til Gunnar.

Etter krigen og fram mot århundreskiftet var det ei oppgangstid for bruk av taubane i norsk skogbruk. Det heile kulminerte tidleg på 1990-talet og kvantumet framdrive med taubane har deretter falle og falle. Taubanesamlinga i Bø førre veke kan tyde på ei endring.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Vil sikre eit framtidig taubanemiljø
Norsk taubanelag har engasjert seg for å sikre eit framtidig norsk taubanemiljø. Dei siste åra har kvantum framdrive med taubane falle til kring 40 000 kubikkmeter. Samtidig er det dokumentert ein mangedobla trong for bruk av taubane i bratt terreng i fleire fylke.

På denne nettstaden har vi skrive om dette engasjementet frå skogeigarar, taubane-entreprenøra, frå kommunal skogforvaltning, frå Skogkurs, om handlingsplanen til  virkeskjøparane Glommen Mjøsen Skog, Nortømmer, Allskog og AT Skog og ikkje minst representantar for Statsforvaltaren i fleire fylket, – først og fremst Innlandet og Vestland.
Vi må også legge til at tal medlemer i Norsk Taubanelag er på veg oppover.

Taubanesamlingar
Norsk Taubanelag har i mange år arrangert ei taubanesamling i tilknytning til årsmøte. I farten kan vi nemne Vestnes og Volda i Møre og Romsdal, Gloppen i Vestland, Lillehammer og Moelv i Innlandet og no siste gang i Bø i Telemark. Samlingane har vore viktige for å bygge eit miljø og eit nettverk.
Det er når folk med interesse for ei sak samlast at miljøet blir skapt, vert det ofte sagt.

Rekord og sterk støtte i Bø
Det var venta stor interesse for årets samling i Bø i Telemark. Men at samlinga skulle sprenge hotellkapasiteten på Bø Hotell hadde vi ikkje trudd. Då det nærma seg 60 påmelde innan fristen var hotellet fullt. Nokon tok likevel turen på dagtid. Med andre ord vart det rekordmange deltakarar på årets taubanesamling i Telemark.
Den raude tråden dei 2 dagane var ei stor interesse for å få i gang fleire taubanelag i landet. Både tømmerpris og den nye metoden for å rekne ut driftstilskotet er viktige rammevilkår for entreprenørar. Minst like viktig  var nok den verbale støtta til eit framtidig taubanemiljø som kom frå mange hald, så vel frå representantar for virkeskjøparar, skogforvaltning, statsforvaltar, Landbruksdirektoratet og ikkje minst frå Landbruks- og matdepartementet.

Nedanfor er ei bilete reportasje med litt tekst til kvar biletet frå taubanesamlinga og årsmøtet. 

Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland i Midt- Telemark kommune opna Taubanesamlinga 2024.
Senioringeniør Per Kristoffersen frå Statsfrovalteren i Vestfold og Telemark held eit interessant historisk foredrag om bruk av taubaner i Telemark. Som kjent var Telemark det sentrale “taubanefylket” i Norge etter krigen og langt ut mot århundreskiftet. Du kan lese PP frå foredraget i lenka under.
Nils Olaf Kylla held eit tilsvarande interssant historisk foredrag frå skogforskinga i Norge. Som kjent skjedde mykje av denne forskinga i Telemark. Kyllo fortalde m.a. om prosfessor Ivar Samset, Silvi Montane i Kviteseid og produsentar av baner, vinsjar og utstyr, ikkje minst Ragnvald Nestestog i Vinje. Meir om dette kan du lese i PP frå foredraget i ei lenke under.
Rådgiver Elisabeth Hansen i Landbruksdirektoratet leverte eit godt innlegg, med ein svært god oversikt om statisktkkken for taubanedrift i 2024 og tidlegare år. Tendensen er ein nedgang når det gjeld framdrive tømmer med taubane dei siste åra. Grunnane er fleire, men den vesentlegaste grunnen har vore vanskar med å skaffe dyktige folk/ mannskap til taubanene. Fullstendig statistikk frå Elisabeth kan du lese meir om i lenka under.
Deltakarane i ein nærast fullsett storsal i Bø Hotell. Dei representerte alle fylka i landet, og uttrykte frå ulike ståstader stor tru på taubana i norsk skogbruk i framtida.
Leiinga frå virkeskjøparane orienterte om handlingsplanen og trongen for taubanedrift. F.v. Erling Perstølen i Allskog, Jon Sigurd Leine frå Glommen Mjøsen Skog og Knut Nesland frå AT Skog. Det var ingen tvil hos desse. – Vi har trong for taubanedrift og treng fleire skogeigarar og entreprenørar som kan ta fram tømmer med taubane.
Fagdirektør Arne Sandnes frå Landbruks- og matdepartementet orienterte om den nasjonale skogpolitikken og om taubanedrift. Han konkluderte med at taubanedrift er godt fornakra i høve skogpolitikken. Vidare at taubanedrift har miljømessige føretrinn, er viktig for beredskap og har ein framtidig plass i norsk skogbruk, sjå figur over. Arne Sandnes sitt gode innlegg kan du lese meir om i lenka under.
Årsmøtet i Norsk Taubanelag vart raskt avvikla etter dei faglege innlegga. Valkomiteen sin leiar er Håkon Johan Eliassen frå Møre og Romsdal. Sjeldan har vi sett ein betre førebudd leiar i valkomiteen som raskt klubba vala med kaffikoppen. Ny medlem i Norsk Taubanelag er Frank Terje Rørvik frå Rogaland. Ny varamedlem er Mikal Råheim frå Valdres.
Mikal Råheim representerar firma Valdre Skog AS som er eit av dei leiande skogsentreprenørane i Valdres. Mikal held eit inspirerande innlegg for skogsaka, og kunne samtidig fortelje at firmaet vurderar å gå til innkjøp av eit taubane med utstyr.
Under middagen første dagen var det tid for overraskingar. Det har vore ein tradisjon å overrekke ei gåve til personar som over svært lang tid har jobba for taubana i norsk skogbruk. Denne gongen fekk taubaneentreprenør Torbjørn Frivik overrekt ei Jerrykanne i tre for 20 års samanhengande drift med taubane i bratt terreng. Gåva vart overrekt av Nils Olaf Kyllo (t.v.).
Fredagen (utedagen) var lagt opp som ein skogdag i Nordagutu. For tida driv taubaneentrenør Gunnar Moe ei banedrift i dette området. Det kom etter kvart mykje folk (kring 70 i talet).
Skogbrukssjef Kristoffer Vatnar i Vest-Telemark kommune yngste velkommen til skogdagen i Nordagutu og orienterte om skogbruket i kommunen.
Ei heil klasse frå Nome vidaregåande skule stilte på skogdagen. Lærar Lars Brynjulvsrud takka for invitasjonen og forsikra forsamlinga om ei stor interesse for skogbruk ved skulen.
Highlenderen til Gunnar i aksjon med kvisting og kapping av tømmer som på førehand var drege ned til dalstasjonen.
Terje Asdal er vegplanleggar i Agder og Telemark. Han orienterte om prosessar for å få fram gode vegløysingar. Samtidig oppmoda han om å planlegge og bygge skogsvegen før skogdrift blir tinga. Dette kan ta noko tid, difor må skogeigar ta kontakt i god tid for å få vegløysingar vurdert.
Under diskusjonen kom det fram at det er stor mangel på statlege tilskot til skogsvegbygging.
Senioringeniør Per kristoffersen frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark orienterte om trong for skogsvegbygging og taubanedrift i fylket. I mange år har tilskotet vore prioritert til skogsvegbygging. Framover bør vi nok setje av ein del statlege tilskot til taubnadrift kunne Kristoffersen fortelje.
Carl Olav Holen frå Statsforvaltaren i Innlandet orientert om arbeidet med den nye modellen for utrekning av statstilskot til taubanedrift. Han kunne fortelje at modellen årleg bør evaluerast, det skal den også i år. Mykje av fordelen med ein slik modell er at det skal vere like vilkår når det gjeld tilskot til taubanedrift for alle skogeigarar i landet. Då vil det også tilskotet vere føreseieleg og representere omlag like rammevilkår for taubaneentrenørane uavhengig kor dei driv i landet.
Johannes Bergum har lang fartstid som skogsjef i Mjøsen Skog, men arbeider ikkje der idag. Han sit i styret for Norsk Taubanelag og takka for dagen. Johannes kjenner vilkåra for å drive med taubane betre enn nokon, og held eit tydeleg og svært godt innlegg til slutt. Han presiserte for n’te gang at taubanemiljøet må stå saman for å få denne “nisja” i norsk skogbruk til å overleve. Samtidig var han tydeleg på at vegbygging er sentralt for gode taubanedrifter og understreaka at dei statlege løyvinga til skogsvegbygging må aukast kraftig. – Næringa treng milliardar til skogsvegbygging i landet og ikkje nokre usle millionar som idag – sa Johannes til ei samstemt forsamling.
På veg heim var vi heldige å få med dette blinskuddet. Håkon og Torbjørn fekk høve til å møte Trengemyrsbjørnen like under Skulssnippen i Nordagutu. Det er ei vanleg oppfatning i bygda at Trengemyrsbjørnen slår hardt ned på Usertifisert oppførsel. Taubaneentreprenør Gunnar Moe er mannen bak heile prosjektet. Legg merke til den godslege tonen under dette tilfeldige møtet rett etter skogdagen.


Innlegg under Taubanesamlinga i Bø
Innlegg av Elisabeth Hansen
Innlegg av Arne Sandnes
Innlegg av Nils Olaf Kyllo
Innlegg av Per Kristoffersen