Slikt vil vi har meir av
Publisert 16.04.2026
Forrige veke var det Taubanesamling med innlagt årsmøte i Norsk Taubanelag i Øyer i Gudbrandsdalen. Heile 50 personar stilte under utedagen i strålande vårveir. Slikt vil vi ha meir av vart det sagt av fleire.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Opna av ordføraren
Opplegget var tradisjonelt opplegg innomhus på torsdagen og ein utedag på fredagen.
Ordførar Anne Marie Sveipe i Øyer kommune opna taubanesamlinga og ønska velkommen til Øyer, kommunen der folket også vart kalla øyværingar, som ho sa. Ho uttrykte glede over at taubana var komen tilbake til Gudbrandsdalen, og viste til firma Skog & Bio frå Tretten som nyleg har investert i taubane, og som også var medarrangør for denne samlinga. Sveipe minna også om at skognæringa i fylket ofte blir kalla «Innlandets Grøne Gull». Skog, jordbruk og turisme er svært viktig her la ho til.
Det var eit rikhaldig program begge dagane, som går fram av bildereportasjen under.
Årsmøtet i Norsk Taubanelag vart gjennomført i timen før middagen.
Ny i styret er Trond Prestrud frå Glommen Mjøsen Skog og Mikal Råheim frå entreprenørfirma Valdres Skog AS. Torbjørn Frivik held fram som leiar i styret. Nestleiar i styret er Frank Terje Rørvik. Helge Kårstad er sekretær i laget og ny vara er Martin Braanaas frå Sunnfjord Skog.
Håkon Johan Eliassen held fram som leiar i valnemnda og vil også tiltre som kasserar for laget i 2026.
Nils Olaf Kyllo og Johannes Bergum forlet begge styret. Meir om det kan du også lese i bildereportasjen under.





Presentasjonen til Carl Olav finn du under bildereportasjen.



Han sette stor pris på Skjerefjøla tildelt av leiar Torbjørn Frivik. Presentasjonen til Bjørn ligg også under bildereportasjen.













Heilt på tampen av taubanedagen kom skogeigarane Janet Lunde og Trygve Harris på besøk. Det var veldig triveleg, og Torbjørn var ikkje sein med å overrekke Skjerefjøla.

Svara var tydelege og klare:
* Meir forutsigbarheit, særleg sikkerheit for oppdrag
* Kurs og opplæring, for alle involverte
*Område- og vegplanegging i bratt terreng
*Sikring av driftstilskotet, rett og lik bruk av tilskotet
Presentasjoner:
Elisabeth Hansen – Taubanesamling 2026 LDIR
Carl Olav Holen – Norsk Taubanelag april 2026
Mikael Fønhus – Taubanesamling 9. april
Bjørn Lauritzen – Innlegg taubanesamling Øyer 2026
Henning Støylen – OTS