Aktuelt

Taubanekalkulatoren er ferdig

Norsk Taubanelag tok saman med Skognæringa Kyst initiativ til å utvikle den første norske taubanekalkulatoren våren 2021. Men det var under ei taubanesamling på Vestnes i Møre og Romsdal hausten 2020 at det kom framlegg om å utvikle ein slik kalkulator. Taubanekalkulatoren er no ferdig til bruk, og nederst i dette oppslaget finn du lenka.Tekst…

Vellukka politikardag på Voss

Mykje skogfolk og mange politikarar var samla på Voss 14. november. Denne gongen vil vi gi førstepremien til politikarane. Kort sagt synte dei eit imponerande engasjement og hadde utvilsamt mykje kunnskap om skog og skognæringa. Arrangementet gav utan tvil meirsmak sa arrangøren Ruben Bøtun i Vestland Skognæringsforum. Nedanfor følgjer ein bildereportaje frå dagen på Voss.Tekst…

Dei første av dei siste

Koronaepidemien stoppa mange prosessar kring utbygging av tømmerkaiar i landet, men no er det stor aktivitet igjen. Børnes Tømmerkai i Kvinnherad kommune og Stokmarknes tømmerkai i Hadsel kommune er i sluttfasen, og vil etter planen bli ferdigstilt i første kvartal 2023.Tekst og foto: Helge Kårstad Kortreist tømmerkai i KvinnheradUtbygging av Børnes tømmerkai i Kvinnherad kommune…

Krafttak for taubanemiljøet

Fylkesskogmester Torkel Hofseth i Vestland tilrår i eit brev til kommunane i fylket å auke tilskotet til bruk av taubane i bratt terreng med 100 kroner per kubikkmeter. Hofseth seier at det trengs eit krafttak for taubanedrift på grunn av kostnadsauke, mangel på taubanemannskap og sterk kapasitetsnedgang for taubaner i Norge.Tekst og foto Helge Kårstad…